23.10.2012
Reunion. Ein tekst om respekt.
27.04.2012
Om psyken 8 - liv, død, april
Eg drog til høgskulen, studerte, hadde eit slags liv, men å laga ein normal fasade tok alle kreftene mine og etterlot eit stort svart hol inni meg. Heime var det gråt, panikk, raserianfall og meire gråt. Søvnløyse, hallusinasjonar, og ein endelaus dårlig samvittighet fordi eg i det heile tatt eksisterte. Kvifor skal eit så øydelagt menneske få leva? Kvifor skal det få såra den som er nærast, kvifor skal det få lov til å gå rundt og lata som det er eit ekte menneske når det berre er søppel? Desse tankane gjekk rundt og rundt i hovudet mitt til det ikkje lenger var mulig å pusta eller tenka. Eg ville ikkje eksistera meir.
Men framleis, der eg sat med kniven, var det jo noko som ville leva. Det var noko som ropte på hjelp i staden for å stikka seg vekk og gjera slutt på alt aleine. Det var noko som gjorde ein slett jobb av heile sjølvmordet, så slett at eg ikkje eingong har arr i dag. Eg ville verkeleg dø, men noko i meg var sterkare. Og mannen min drog meg opp frå golvet, køyrde meg på legevakten og sette i gang den lange vegen tilbake frå nullpunktet.
April er ein rar månad for meg. Eg kjenner på dei svarte hola i sjela mi, som slett ikkje er heilt borte endå. Eg kjenner på angst og avmakt, som kjem i blaff og setter seg i kroppen som kramper og spente musklar, sender meg rare draumar avløyst av søvnlause netter.
Men eg kjenner også på underet ved ein ny start. Mot slutten av april 2000, på akutten på Blakstad psykiatriske, begynte eg å løfta hovudet igjen. Frå å berre sova, gråta og sitta i ruggande panikkanfall begynte eg, så smått, å sjå verda rundt meg på nytt. Eg hugser at eg sat i spiserommet og såg ut, og oppdaga at det var kome grøne blad på trea utanfor. Det siste eg kunne huska var grå bakkar og nakne greiner. Eg fekk gå ut, med følge, og det lysegrøne overalt tok pusten frå meg. Verda var i gang med våren, livet slo ut som det alltid gjer, heilt uavhengig av meg og min smerte.
No ser eg ut mitt eige kjøkkenvindauga. Syrinen i naboens hage lener over til vår inngangsdør. Den har sprunge ut med friske lysegrøne blad i løpet av veka, og å sjå på dei opnar opp til den overveldande kjensla frå Blakstad. Håp. Ei innsikt om at alt ikkje kretsa rundt meg. At eg ikkje bar verda på mine skuldrar. At ansvaret ikkje var mitt aleine. At eg kunne sleppa alt, krasja, gå ned for telling, og koma opp att til ein vår som ordna seg sjølv.
Det var så mange menneske som hjalp meg den gongen. Som sendte meg oppmuntringar, som fortalde meg at eg kunne koma tilbake til studiet når eg var klar, til jobben når eg ville, at ting venta på meg, det kunne tas i mitt tempo. Vener som kom på besøk, etter kvart tok meg med ut, holdt meg fast i verda. Mannen min som kom kvar einaste dag etter jobb, aldri gav opp, aldri gjekk sin veg. Inni meg er dei alle blitt knytt saman med dei lysegrøne blada. Kvar einaste ein av dykk eit tre som opner seg for våren og viser at ingenting er forbi. Kvar einaste vår har med seg minnet om alt de gjorde og var for meg, og vissa om at de framleis er der.
"Jeg velger meg april! I den det gamle faller; i den det ny får feste; det volder litt rabalder, - dog fred er ei det beste, men at man noget vil." Skreiv salig Bjørnson. Og ante ikkje at han skreiv om min april.
Viljen som kom fram gjennom så stor smerte var viljen til liv. Minnet om smerten er også ei påminning om at sjølv i det svartaste kunne eg ikkje sleppa denne verda.
Eg går framleis i gruppeterapien, kvar veke, møter kjent smerte og nye tankar. Nokon gonger kan eg sei fornuftige ting, andre gonger tek det pusten frå meg og eg må bøya meg ned og jobba hardt for at ikkje angsten skal ta over. Det er greit, det er lov, alle i rommet kjenner angsten. I møtet med andres smerte kan eg kjenna min eigen gripa hardt i brystet, nokon veker er det vanskelig å sova i mange dagar etterpå.
Men ute er det april. Syrinen er lysegrøn. Ertene eg har planta saman med dotter mi spirer. Ei god venninne gifter seg, og me får koma og feira saman med dei, møta fleire gode vener som har vore med på heile reisa mi og aldri slepp taket. Gong etter gong stadfestar livet kor sterkt det er, og kor sterkt eg høyrer til i det. Og eg takker for at eg valgte meg april.
25.02.2012
Å setta ord på ting
Nokon gonger les eg dikt som rører ved dette svarte i meg. Eg kan ikkje forklara kvifor, og bryt eg dei ned setning for setning glipper det unna, men når dei står der som dikt opplever eg dei som fylt av meining.
Fleire av dei dikta som rører meg slik har båtar som motiv. Kanskje er det fordi eg voks opp ved sjøen? Eller er det noko jungiansk, arketypisk, eit bilete som sjela forstår? Det å segla eller ro til den andre sida, til dødsriket, er i alle fall noko forfedrane våre fann meining i å tenka på.
Eg skal sitera to slike "båtdikt" i dag.
I EN BÅT
Mitt hjerte ror i kulde
og dette seige blod
er like ved å fryse
og meget tungt å ro
Jeg burde kanskje skrike
Jeg burde kanskje øse
Jeg mangler tolleganger
og årene er så løse
Jeg er visst nesten fremme
Og likevel ror jeg vill
for det er mørkt og tåke
og fryser langsomt til
(Georg Johannesen, Dikt i samling, Cappelen 2001)
DRØMMEN
Jeg drømte om deg i natt.
Vi satt i en båt. Du var trett og blek.
Månen stod veldig, og ett eller annet
lå ute på sjøen og skrek.
Du hadde skjøvet fra land.
Nå tok du med øvede hender
årene, og det knirket sørgmodig
i ruklete tolleband.
Endelig var vi alene og sammen.
Jeg prøvde å kjenne meg trygg.
Da så jeg en utgammel, grinende kjerring
gløtte frem bak din rygg.
Jeg ropte: Vi vil ikke ha henne med.
Hun ler av oss! La oss snu!
Du vendte deg mot meg med slukte øyne
og spurte: Hvem mener du?
Du så ikke noen av oss.
Ditt ansikt var herjet av måneskinn.
Jeg satt i en båt og ble rodd mot havet
av en som var blind.
(Inger Hagerup, Samlede dikt, Aschehoug 1974)
16.12.2011
Om psyken 7 - om det som gjer vondt, og litt til
Det er så mange ting som kan opna den luka. Noko eg les. Noko eg høyrer. Noko eg ser på TV. Eller det å sitta saman med andre som eg veit har det vondt inni seg. Brått pulserer smerten gjennom meg, som om hjartet og mellomgolvet er borte og det renn seigtflytande svart som aldri skal stoppa. Nett det, at det kjennest som det aldri skal stoppa, er det som får meg til å ynskja å dø. Ikkje fordi eg vil dø som sådan, men fordi det er for vondt til å halda ut, det er ikkje mogeleg å leva slik, det einaste som kan hjelpa er å ikkje finnast meir.
Men det stopper. Nokon gonger, som i kveld, får eg det fort nesten under kontroll. Difor kunne eg setja meg og skriva dette, for å få teksten ned medan det endå var ein rest av det i meg, medan eg enno kjenner spora av den svarte elva i brystet. Sorgen som ikkje har eit navn eller ei retning.
Andre gonger, oftast om kvelden, klarer eg ikkje dytta det unna. Då må eg vekka mannen min, som oftast venter eg for lenge fordi eg syns synd på han som skal måtta vekkast av ei gal kone. Så når eg vekker han er eg eit stykke inne i panikken og det tar tid å roa meg ned. Eg veit ikkje korleis det ville vore om eg var aleine, det er så lenge sidan eg var aleine med det og den gongen var eg så mykje sjukare. Eg trur eg pleide å ligga på golvet, samankrølla, og gråta til eg var utslitt og sovna.
Og så hender det at den setter seg, den sorga. Den blir der og forsvinn ikkje. Som i fjor haust, når eg vart henvist til DPS. Den kom så tungt og sat så djupt - det skremmer meg å tenka på om neste runde kan gå endå djupare. Kor langt ned kan det gå før eg slepp taket og lar meg flyta med nedover den elva? Og kan ein nokon gong koma tilbake dersom ein har gjort det? Eller er ein fanga for alltid i ei heilt anna verd? Desse tankane kjem eg tilbake til, både her og inne i hovudet mitt.
Sidan sist eg skreiv har eg begynt i gruppeterapi. Eg var usikker og redd før eg starta, redd for at angsten skulle overmanna meg når eg kom inn i rommet, redd for at eg skulle vera Feil på ein eller annan måte, redd for det aller meste i grunnen. Eg er framleis redd, i glimt, men heldigvis har det gått mykje betre enn frykta med akkurat den biten. Me er ein liten gjeng med vaksne folk som alle har med seg sitt, og som snakker mykje eller lite ettersom dagen fell seg - nokon av oss (meg) snakker meir enn andre. Og så får eg angst etterpå (og undervegs) fordi eg føler eg tar for stor plass. Og det er vel nettopp ein av grunnane til at dei putta meg der i utgangspunktet. Smarte folk, desse psykologane.
Det eg ikkje var heilt førebudd på var korleis og kor mykje det skulle påverka meg i etterkant av gruppa. Natta som følger er utrulig tøff, skuldrar, nakke og kjeve låser seg, eg kan ikkje sova men tenker ikkje ein einaste fornuftig tanke. Det er det som overrasker meg mest, at eg ikkje tenker på konkrete ting eller kan definera kva som foregår inni meg - det går føre seg ein stad bak dei medvitne tankane. Den fysiske reaksjonen er tydeleg, det mentale resultatet veit eg ingenting om.
Det som er lett å fastslå er at det slit meg fullstendig ut. Gå på jobb dagen etter kan eg berre gløyma, den dagen går med til å løysa opp muskulaturen, hanka inn hjernen, sova ut og rett og slett "landa". Heldigvis har eg ein arbeidsplass og kolleger som er med på å finna løysingar, slik at eg slepp å bli sjukemeld og i staden har fått endra arbeidstider. Det betyr svært mykje.
Har også skifta frå tøff fysisk ashtanga yoga til roligare vinyasa. Ashtanga krev konsentrasjon som eg brått ikkje hadde - eg mista balansen og datt stadig vekk. Men eg treng yogaen til å mjuka meg opp att og halda kroppen smidig, så den takler stresset.
Eg kan ikkje skriva så mykje meir om gruppeterapien, sidan det er andre der å ta omsyn til. Å halda samtalane innanfor veggane i rommet er heilt sentralt, ellers kan ein ikkje opna seg. Men eg kan sei at eg alt set svært stor pris på alle som er der og alt som vert delt. Eg lærer - eg veit berre ikkje heilt kva endå.
Det nærmer seg jul, og eg får tankar om alle eg skulle ha sett oftare, gjort meir for, vore der meir for. Slik blir det alltid. Men eg kjenner òg på kor glad eg er for å ha så mange gode menneske i livet mitt, så mange som betyr noko for meg, så mange som gjev så mykje vennskap og gode ting. Så får det heller vera om eg alltid skal blanda inn dårleg samvit - det er ikkje deira feil, det får hjernen ta på si kappe. Slik eg kjenner på den store smerten kan eg òg kjenna på den store kjærleiken som held oss oppe gjennom dette livet.
Eg ynskjer å skriva så mykje, men eg skal slutta her for i dag.
Kanskje kjem eg snart tilbake, kanskje går det ei lang stund igjen. Uansett ynskjer eg dykk som les ei god tid framover. Hugs at det du viser av omsorg for andre kan vera nett det dei treng for å holda fast i det som er godt. Ta vare på kvarandre.
23.10.2011
Gjestetekst: Styrke – en potensiell svakhet?
Denne teksten er skriven av ein person eg kjenner, frå korhen og kor godt skal me la stå ope. Ho ynskjer ikkje sjølv å stå fram, men har sagt ja til at eg kan publisera denne teksten her på Kokosbollar. Som ein generell merknad kan eg sei at eg i mine 11 år som psykiatrisk pasient har møtt fleire andre personar som har vore i liknande situasjonar, der livet til slutt har rakna og ein har havna i hjelpeapparatet. Forhåpentlig til gode for seg sjølv og andre. Dette er ikkje eit marginalt fenomen. -K-
Styrke – en potensiell svakhet?
I vårt samfunn forbinder de fleste ord som ’narkoman’ og ’rusmisbruker’ med de trette ansiktene som møter dem utenfor Sentralbanestasjonen i Oslo, i Nygårdsparken i Bergen og på andre steder som karakteriseres som ’belastede’. Et så snevert syn er selvsagt negativt i seg selv, og i tillegg til å stigmatisere én gruppe fjerner det en annen gruppe fra hjelpeapparatets radar.
Jeg prøver på ingen måte å ta verken oppmerksomhet eller midler fra den gruppen narkomane som faller i kategorien ’svakerestilt’; ei heller ønsker jeg å gjøre dette til en konkurranse om hvem som har størst problemer. Jeg ønsker simpelthen å sette fokus på en annen side av virkeligheten og vise at der faktisk er problemer som rammer ressurssterke rusmisbrukere i større grad enn andre grupper.
Der finnes nemlig en gruppe rusmisbrukere som ikke kjennetegnes av fett hår, underernæring og problematiske eller manglende familieforhold. Der finnes en gruppe rusmisbrukere som på alle andre av livets områder virker vellykkede; kanskje endatil misunnelsesverdig så.
Jeg er en kvinne tidlig i 30-årene som har (mis)brukt opiater periodevis i femten år; det siste halvannet året kontinuerlig. Til tross for dette lever jeg på ingen måte opp til stereotyper og forventninger som vedrører rusmisbrukere. Jeg er til enhver tid ren og velkledd, jeg spiser sunt og trener fem ganger i uken, jeg håndterer både jobb og studier godt, jeg har en stor sosial omgangskrets og driver med veldedighetsarbeid flere ganger i uken, og jeg er den de fleste bekjente kommer til for å be om råd; det være seg med henhold til alt fra kakeoppskrifter og gaveidéer via samlivsproblemer til politiske spørsmål og markedsstrategi.
Jeg kjenner i liten grad til de miljøene som omtales som ’belastede’ eller anses som typiske rusmisbrukermiljøer, men etter å ha båret på denne hemmeligheten i halvannet tiår har jeg blitt oppmerksom på problemstillinger typiske for min gruppe.
I utgangspunktet har slike som jeg en bedre situasjon enn de som tilbringer store deler av sin tid på gaten eller ved en parkbenk. De som lever et nedverdigende liv med sykdommer og stigmatisering. Samtidig hersker der liten tvil om at der er problemer som rammer de ressurssterke i langt større grad enn de svakerestilte.
For det første kvier omverden seg gjerne i større grad for å konfrontere mennesker de oppfatter som vellykkede. Denne gruppens problemer er langt mindre synlige enn mange andres, og ressurssterke bruker gjerne store deler av disse ressursene på å holde sin situasjon skjult. De lider i stillhet; revet mellom ønsket om å bli bedre og trangen til å la problemet forbli en hemmelighet. Og om noen skulle oppdage denne hemmeligheten er der likevel ingen garanti for at de vil konfrontere misbrukeren. Mange kvier seg for å blande seg borti livet til mennesker de oppfatter som ressurssterke; selv til tross for et alvorlig problem som rusmisbruk. Og dersom de blander seg inn er de ofte redde for å fremstå med meget myndighet. Kan hende har de vanskelig for å tro at et vellykket menneske faktisk ikke kjenner sitt eget beste på alle områder; kan hende synes de bare det er ubehagelig å konfrontere en slik person med stor kraft. Og kan hende de selv er litt redde for å bryte ned illusjonen misbrukeren har skapt. I alle fall om dette er et menneske de selv har støttet seg på i mer eller mindre alvorlig situasjoner.
For det andre har denne gruppen langt færre motivasjonsfaktorer med henhold til å bli rusfri. Et ressurssvakt menneske som vanker i et typisk rusmisbrukermiljø har mye å vinne på å bli nykter. Et rusfritt liv kommer for dem med en lang rekke potensielle bonuser som et pent hjem, rene klær, faste måltider, rusfrie venner og kanskje egen kjernefamilie, en respektabel jobb…og ikke minst et verdig liv der man ikke fordømmes av andre. Om trangen til rus er aldri å sterk, vil ønsket om alle bonusfaktorene fungere som en sterk motivasjon.
En ressurssterk misbruker har kanskje allerede det livet en ressurssvak sådan drømmer om, noe som automatisk nøytraliserer motivasjonsaspektet. Dermed må et langt tyngre fokus legges på selve avrusningsprosessen. Verdien av et rusfritt liv skal på ingen måte undervurderes, men man skal ikke uten videre forvente at en misbruker ser denne. Selv tyngre misbrukere i den ressurssvake kategorien ser gjerne verdien av alt det et rusfritt liv kan bringe med seg, og de ser dermed at de har noe å vinne. For en ressurssterk narkoman som ikke ser verdien av et rusfritt liv kan det synes som om der ikke er noe å vinne.
Faktum er at mennesker i denne gruppen kan – i alle fall i egne øyne – tape mer enn de vinner ved å be om hjelp, noe som binger meg til tredje punkt på listen: For en ressurssterk rusmisbruker kan det å søke hjelp bli et steg nedover den sosiale rangsstigen. Mange skjulte misbrukere unngår virkeligheten ved å unngå diagnostiske termer som ’narkoman’, ’rusmisbruker’ og så videre. Ved å søke hjelp blir det de har brukt enorme ressurser på å fornekte og skjule et faktum; ikke bare for dem selv men også for omverden. Et rop om hjelp blir også en innrømmelse. Plutselig er man ikke lenger den sterke vellykkede personen en har gjort alt for å bli kjent som, men en rusmisbruker. En narkoman.
En ressurssvak rusmisbruker som søker hjelp går fra å være ansvarsløs til å bli ansvarsbevisst. Et langt steg i riktig retning. En ressurssterk rusmisbruker som søker hjelp går fra å være vellykket til å bli narkoman. Et langt steg i feil retning. I verste fall kan de faktisk risikere å miste mye av det som gjør livet deres vellykket om de søker hjelp.
Ved å fokusere på hele bildet ser man selvsagt at det er like positivt for medlemmer av denne gruppen å be om hjelp som en allerede kjent misbruker, men takket være hemmeligholdelsen ser man ikke hele bildet. Takket være hemmeligholdelsen ser man bare et tidligere vellykket menneske som nå er hjelpetrengende.
For det fjerde forventer man typisk mer av denne gruppen på alle områder. Man lar gjerne avrusnings- og rehabiliteringsprosessen i langt større grad basere seg på misbrukerens egne valg og innsats. Dette er meget positivt i de tilfellene det faktisk virker, men faktum er at når det kommer til rus kan disse vellykkede menneskene være nøyaktig like svake som de som lever på kanten av både loven og samfunnet. Kanskje enda svakere i og med punktet om at disse typisk har færre motivasjonsfaktorer. Der er liten tvil om at de selv må ta ansvar på ett eller annet tidspunkt, men kanskje bør ikke dette tidspunktet være når abstinensene river i kroppen.
I tillegg vil nok mange i denne gruppen oppfatte store forventninger til egen innsats og selvinnsikt som en oppfordring til å opprettholde sitt vellykkede image. Til alltid å være den fornuftige. Den sterke. Til å være den personen som i X antall måneder og år har skjult misbruket for verden. Og kanskje er ikke denne personen den som er mest mottagelig for hjelp.
Her vender vi tilbake til det første punktet, og fullender dermed sirkelen. En ressurssterk rusmisbruker vil typisk møte en langt mindre autoritær holdning enn en ressurssvak sådan. Noe som ikke nødvendigvis er positivt. Jeg mener selvsagt at alle skal møtes med både respekt og vennlighet, og en solid dose forståelse skader heller ikke. Men kanskje er det å stilles til veggs nettopp det en rusmisbruker (uavhengig av sosial status) behøver. Å høre noen si at dette er uakseptabelt og at de forventer bedre.
Dette kan gjøres med både vennlighet og respekt, men jeg tror en viss grad av bestemthet ofte er like viktig. I alle fall for en som er vant til å innta rollen som den sterke om ikke situasjonen tilsier det motsatte.
15.10.2011
Om psyken 6: ein ny sving på vegen
På den positive sida var den siste eg møtte eit menneske som hadde lest journalen, var lett å prata med og ikkje minst: hadde konkrete tiltak på gang. Så no er eg i prosessen av å starta på psykodynamisk gruppeterapi, ein gong i veka, med ein tidshorisont på sikkert fleire år. Og sjølv om eg nesten kaster opp av skrekk berre ved tanken, så er det på sett og vis ganske godt å vita at eg skal få prøva ein ny måte å røska demonane opp på. Om ikkje anna skal dei vel få uroa seg litt, dei også. Til pass for dei.
Gruppeterapi er sjølvsagt taushetsbelagt opp og i mente - det skulle jo berre mangla - men eg skal prøva å skriva her om korleis det påvirker meg, uten å involvera nokon av dei andre eller gi særlige detaljar om tid og stad. Så får me sjå korleis det fungerer.
Dei siste vekene har eg ellers vore ganske dårleg. I motsetning til forrige haust har det vore ein gradvis prosess, som eg kjenner det frå tidligare - søvnproblemer som eskalerer til 4-5 timars søvn per natt, plutselige panikkanfall, tankemønster som beveger seg meir og meir mot det negative, gryande paranoia (kva vart sagt no? var det ein undertone? ser dei på meg? dei skulle ønska eg ikkje var her. eg er sikkert til bry. kva meinte ho egentlig med det? etc, etc ad infinitum). Og sjølv om eg ser det klarer eg ikkje stoppa det.
Konsentrasjonen gjekk til hekkan for fleire veker sidan. Plutselig vert eg kjempefrustrert av lyden av TVen, inntrykk frå dataskjermen, tilogmed å lesa avisa er uendelig slitsomt. Filteret blir borte, all input berre spinn rundt i hjernen uten å bli skikkelig behandla. Ein dag på jobben, med ungane og bøkene og spørsmålene og lydane, kjennest som ca 20 timar kontinuerlig stress.
Likevel, å sitta heime aleine med tankane er verre, og mykje farligare. For å kunna fortsetta å vera på jobb valde eg å kutta drastisk ned på inntrykk. Berre sporadisk datatilgang og for det meste strikking på eit stille rom (eg klarer kunststykket å bli både handlingslamma og rastlaus samtidig, så hendene mine må ha noko å gjera) i nokon dagar. I dag kjennest det lettare, som om hjernen har fått reist nokon skott igjen og klarer å senda inntrykk til behandling på ein betre måte. Men når dette er ferdigskrive skal eg skru av maskina og trekka meg unna inntrykk igjen, så eg ikkje går i fella og overdriver.
Etter ein lengre prosess har eg også fått dei gamle sovemedisinane mine tilbake. Eit par netters faktisk søvn frå ein legger seg ned til ein står opp gjer ganske mykje for stemningsleiet, noko alle som har småbarn kan skriva under på...
Eg har brukt eit medikament som står på Den Store Advarselslista Over Ting Ein Ikkje Skriv Ut Til Folk Lenger. Den store tilvenningsfaren gjorde at det vart ein lengre runde med utprøving av saker og ting som ikkje virker før det vart avgjort at søvnmangelen faktisk var farligare for meg enn den eventuelle tilvenninga. Har bl.a. prøvd eit medikament der ein halv tablett overhodet ikkje virka, mens ein heil gjorde at eg sov i 16 timar og var fullstendig umulig å vekka + hadde nesten eit døgn med tåkevandring før eg kom tilbake. Nice.
Det er ikkje lett for fastlegar å forholda seg til sedativer og lignande, og eg forstår godt at dei må gjera grundig arbeid. Men det er godt å vera tilbake til noko som er kjent og som virker, og ikkje gir "bakrus" neste dag. Så held eg meg til svært lav bruk, og når eg blir dårligare er det Husbonden som overtar medikamentansvaret = han får medisinglasset og distribuerer ved behov, og eg veit ikkje kor det er. Rett og slett eit tiltak mot plutselig suicidalitet. Det er mange ting ein skal måtta vera her i livet, og medisingøymar er altså noko ein ektemann plutselig kan bli.
Neste innlegg her på bloggen vil bli ein tekst om nettopp medikamentavhengighet, skriven av ein bekjent som har erfaring, men som ikkje sjølv vil vera åpen om det. Eg har hatt den liggande lenge, men ville på ein måte setta den inn i ein kontekst før eg publiserte. No virkar som eit bra tidspunkt. Må berre sjekka med vedkomande at det fortsatt er greit.
I alle fall. Var på veg nedover, men kanskje var det ikkje så langt ned me skulle denne gongen, så me kan gå opp at allereie? Eg tør ikkje sei noko sikkert. Det blir som når samtalepartneren på DPS seier "Me er sikre på at me kan hjelpa deg" - eg nikker, men eg trur jo overhodet ikkje på det, sånn egentlig. Den som lever får sjå, og lever gjer eg endå. Ikkje verst det.
17.08.2011
Om psyken 5 - long time, no cigar
Men det har vore mange store hendingar i prosessen. Behandlaren min forsvann (oppsagt? sammenbrudd? eg fekk aldri vita det, det har eg då heller ikkje rett til) brått på seinvinteren, ein større f...-up i systemet gjorde at eg aldri fekk vita noko om det og gjekk over 1 1/2 mnd og følte meg forlatt og svikta.
Når det omsider vart oppdaga (like etter at eg hadde teke kontakt med pasientombudet) fekk eg ei uforbeholden unnskyldning og ein lovnad om gjennomgang av rutinene. Hadde eg hatt ein litt mindre engasjert ektemann (som tok ørten telefonar for meg, sidan eg ikkje klarer sjølv) og vore litt mindre oppegåande på det gjeldande tidspunktet, så kunne heile situasjonen vippa meg over kanten. Det seier noko om kor sårbart systemet er, og kor enormt viktig det er at alle i behandlingsleddet heile tida har fokus på at dei håndterer pasientar med svært tynn beskyttelseshinne mot verda.
Etter dette var eg naturlig nok svært skeptisk, særlig sidan eg vart innkalt til ein fysioterapeut. Men det viste seg å ikkje vera nokon standard fysio, tvert i mot ei dame med stor erfaring, vidareutdanning og kompetanse. Ikkje minst fekk eg umiddelbar tillit til henne. Då mesteparten av den tidligare behandlinga mi ikkje var blitt journalført (!) måtte me starta litt på nytt, men det opplevdes ikkje belastande på grunn av den gode kommunikasjonen oss imellom.
Like før sommaren vart det så sett ein diagnose. Dette er noko som diskuteres, nytten av psykiatriske diagnosar. Virker dei mot sin hensikt, skaper dei sjukdomen, forsterker dei symptomer, er dei i det heile tatt seriøse? Du får mange og tildels sterkt engasjerte svar, uansett kva "leir" du spør i. Som det må vera, på eit felt så prega av sterke og vonde kjensler.
For min del er diagnosen svært viktig, på ein positiv måte. Eg har ein hang til å kategorisera og sortera, både i den fysiske verda (jfr yrket mitt - bibliotekar) og i mitt eige indre. Og så har eg ein sterk tendens til å tenka at eg berre innbiller meg ting, og er til byrde for andre. For eksempel var eg hellig overbevist om at eg var innbilt gravid på tross av testar og alle symptomer, heilt til eg fekk sjå barnet på ultralyd.
Å få ein diagnose er ein anerkjennelse av at den uendelige smerten inni meg faktisk er der, at den er ein sjukdom, har eit navn, er tung og hemmande nok til å vera verdig behandling. Det er ikkje berre eg som er ei pingle, som ikkje takler livet.
Diagnosen som er sett på meg er Tilbakevendende depressiv lidelse, F 33.2, der .2 indikerer at eg kom inn i systemet og er under behandling pga ein alvorlig episode. Dette tilsvarer uttrykket unipolar, som ikkje er i bruk i det norske diagnosesystemet no - eg fortsetter å bruka unipolar om meg sjølv når eg snakker med andre fordi det er lettare å forklara. I tillegg har eg visse symptomer på angst- og sjølvbildeproblematikk som er meir grunnleggande enn berre i depresjonsperiodane.
Å bli diagnostisert utløyser ein del viktige ting i systemet. For eksempel vart eg henvist vidare til psykiater for ein medisineringssamtale (som eg skulle hatt med nokon for ca 10 år sidan, som han sa) som var svært nyttig. Me har gått noko opp i dosering på antidepressiva, meir om det sidan. Depresjonen er det vanskelig å behandla så lenge eg ikkje er på nedsving, men no er det i det minste nokon som følger med. Eg har også skifta fastlege og funne nokon som kan følga meg opp bedre enn tilfellet har vore til no. DPS kommuniserer med henne slik at alle veit kva som skjer til eikvar tid - med mitt samtykke, sjølvsagt.

Det mest skremmande, og sikkert noko av det viktigste, er at eg antagelig kjem til å få tilbod om gruppeterapi frå hausten av, for å ta tak i angsten og dei tinga som går på sjølvbildet og menneskeverdet mitt. Når forslaget kom opp fyrste gong var eg svært nær ved å kasta opp - mine erfaringar med grupper er panikkangst og atter panikkangst. Nettopp mennesker i gruppe er jo det eg er redd for i utgangspunktet!
Men samtidig trur eg at det ein er reddast for kanskje er den einaste farbare vegen dersom ein vil utvikla seg. Eg kan stå her, fungera på eit vis med medisinar, bruka mykje tid på å slåss med demonar aleine, og klara meg - trur eg. Eller eg kan gå inn og prøva ein ny måte å slåss på, og kanskje koma vidare. I og med at eg er mor til ei jente eg håper skal sleppa å bera på min bagasje, så har eg egentlig ikkje noko valg. Eg må hoppa i det.
Om ei dryg veke skal eg møta leiaren for gruppeterapien i distriktet, og finna ut om dei har ei gruppe dei trur eg kan ha utbytte av å vera i. Berre tanken er nok til å gjera meg svimmel og kvalm, og i tillegg skal eg møta henne ein stad eg aldri har vore før, med dei angstane det gir meg å koma på nytt territorium. Den som ikkje har opplevd det kan ikkje forestilla seg korleis det er - som å gå i slow motion gjennom eit landskap frå ein skrekkfilm, berre verre. Eller noko sånt. Dersom eg overlever skal eg avgi rapport.
Dette blir langt. Sånn er det å hoppa over nokon månader av livet. Men eg må ha med det med medisinane også. Psykiateren meinte at eg tydelig hadde effekt av antidepressiva (det visste me jo frå før), men at eg har for mange "gjennombrudd", altså nedsving på tross av konstant medisinering. Han ville derfor at dosen skulle aukast littegrann - eg tok ein svært lav dose i utgangspunktet, 50 mg Zoloft, no opp til 75 mg - for å sjå om det kunne holda meg meir stabil.
Frykten ved medisinering er jo blant anna at ein skal bli "flat" i følelseslivet. Det har så langt ikkje skjedd meg (men så har eg eit ganske heftig register å ta av også). Derimot førte det å gå opp i dose til 3 veker nesten uten søvn! Eg var rett og slett berre våken. Sov 2-3 timar pr natt, våkna og var... våken. Som å innta ein espresso kvart 10. minutt.
Min fyrste tanke var "pokker, du er bipolar likevel og no har du bikka deg sjølv over". Men eg var jo ikkje meir sjølvsikker eller meir energisk som sådan, berre våkenvåkenvåken! Kroppen var sliten som søren, verre dess lenger det gjekk uten ordentlig søvn, mens hjernen konstant tenkte så lange, intelligente og komplekse tankar at eg vart skikkelig lei av den.
Men heldigvis, etter 3 veker begynte eg langsomt å sova meir, og no er eg tilbake i mitt vanlige sløve B-menneske-landskap der dagen helst startar etter 10 og slutter ei stund etter midnatt. Forøvrig merker eg ingen forskjell, og det er som det skal vera. Det blir når ting tetter seg til med emosjonelt stress (les terapi) og mørketid me får sjå kva dette egentlig kan gjera for stabiliteten.
Javel, det var ei heil avhandling. For å koma fram til kor me står no, så eg forhåpentlig kan fortsetta å skriva meir regelmessig utover hausten. Takk til alle som har gitt meg tilbakemeldingar, det varmer. Og takk til dei som berre les, det er også lov, og eg er glad de tek dykk tid.
Ta vare på menneska rundt deg, vis kjærleik, dei treng det alle sammen.