16.12.2011

Om psyken 7 - om det som gjer vondt, og litt til

Nokon gonger opnar det seg ei luke inni meg. Den luka fører inn til den svartaste, djupaste, mest fortvila smerten som fins. Av og til tenker eg at det er sjølve kjelda, ikkje berre til min smerte men til alle menneskers smerte. At eg av ein eller annan grunn har blitt "kobla på" ei uendeleg elv av det uuthaldeleg vonde. Ikkje det fysisk vonde. Noko som krøller sjela di saman og snører strupen att og får deg til å huka deg saman sjølv om det vonde er inni deg.

Det er så mange ting som kan opna den luka. Noko eg les. Noko eg høyrer. Noko eg ser på TV. Eller det å sitta saman med andre som eg veit har det vondt inni seg. Brått pulserer smerten gjennom meg, som om hjartet og mellomgolvet er borte og det renn seigtflytande svart som aldri skal stoppa. Nett det, at det kjennest som det aldri skal stoppa, er det som får meg til å ynskja å dø. Ikkje fordi eg vil dø som sådan, men fordi det er for vondt til å halda ut, det er ikkje mogeleg å leva slik, det einaste som kan hjelpa er å ikkje finnast meir.

Men det stopper. Nokon gonger, som i kveld, får eg det fort nesten under kontroll. Difor kunne eg setja meg og skriva dette, for å få teksten ned medan det endå var ein rest av det i meg, medan eg enno kjenner spora av den svarte elva i brystet. Sorgen som ikkje har eit navn eller ei retning.

Andre gonger, oftast om kvelden, klarer eg ikkje dytta det unna. Då må eg vekka mannen min, som oftast venter eg for lenge fordi eg syns synd på han som skal måtta vekkast av ei gal kone. Så når eg vekker han er eg eit stykke inne i panikken og det tar tid å roa meg ned. Eg veit ikkje korleis det ville vore om eg var aleine, det er så lenge sidan eg var aleine med det og den gongen var eg så mykje sjukare. Eg trur eg pleide å ligga på golvet, samankrølla, og gråta til eg var utslitt og sovna.

Og så hender det at den setter seg, den sorga. Den blir der og forsvinn ikkje. Som i fjor haust, når eg vart henvist til DPS. Den kom så tungt og sat så djupt - det skremmer meg å tenka på om neste runde kan gå endå djupare. Kor langt ned kan det gå før eg slepp taket og lar meg flyta med nedover den elva? Og kan ein nokon gong koma tilbake dersom ein har gjort det? Eller er ein fanga for alltid i ei heilt anna verd? Desse tankane kjem eg tilbake til, både her og inne i hovudet mitt.

Sidan sist eg skreiv har eg begynt i gruppeterapi. Eg var usikker og redd før eg starta, redd for at angsten skulle overmanna meg når eg kom inn i rommet, redd for at eg skulle vera Feil på ein eller annan måte, redd for det aller meste i grunnen. Eg er framleis redd, i glimt, men heldigvis har det gått mykje betre enn frykta med akkurat den biten. Me er ein liten gjeng med vaksne folk som alle har med seg sitt, og som snakker mykje eller lite ettersom dagen fell seg - nokon av oss (meg) snakker meir enn andre. Og så får eg angst etterpå (og undervegs) fordi eg føler eg tar for stor plass. Og det er vel nettopp ein av grunnane til at dei putta meg der i utgangspunktet. Smarte folk, desse psykologane.

Det eg ikkje var heilt førebudd på var korleis og kor mykje det skulle påverka meg i etterkant av gruppa. Natta som følger er utrulig tøff, skuldrar, nakke og kjeve låser seg, eg kan ikkje sova men tenker ikkje ein einaste fornuftig tanke. Det er det som overrasker meg mest, at eg ikkje tenker på konkrete ting eller kan definera kva som foregår inni meg - det går føre seg ein stad bak dei medvitne tankane. Den fysiske reaksjonen er tydeleg, det mentale resultatet veit eg ingenting om.

Det som er lett å fastslå er at det slit meg fullstendig ut. Gå på jobb dagen etter kan eg berre gløyma, den dagen går med til å løysa opp muskulaturen, hanka inn hjernen, sova ut og rett og slett "landa". Heldigvis har eg ein arbeidsplass og kolleger som er med på å finna løysingar, slik at eg slepp å bli sjukemeld og i staden har fått endra arbeidstider. Det betyr svært mykje.

Har også skifta frå tøff fysisk ashtanga yoga til roligare vinyasa. Ashtanga krev konsentrasjon som eg brått ikkje hadde - eg mista balansen og datt stadig vekk. Men eg treng yogaen til å mjuka meg opp att og halda kroppen smidig, så den takler stresset.

Eg kan ikkje skriva så mykje meir om gruppeterapien, sidan det er andre der å ta omsyn til. Å halda samtalane innanfor veggane i rommet er heilt sentralt, ellers kan ein ikkje opna seg. Men eg kan sei at eg alt set svært stor pris på alle som er der og alt som vert delt. Eg lærer - eg veit berre ikkje heilt kva endå.

Det nærmer seg jul, og eg får tankar om alle eg skulle ha sett oftare, gjort meir for, vore der meir for. Slik blir det alltid. Men eg kjenner òg på kor glad eg er for å ha så mange gode menneske i livet mitt, så mange som betyr noko for meg, så mange som gjev så mykje vennskap og gode ting. Så får det heller vera om eg alltid skal blanda inn dårleg samvit - det er ikkje deira feil, det får hjernen ta på si kappe. Slik eg kjenner på den store smerten kan eg òg kjenna på den store kjærleiken som held oss oppe gjennom dette livet.

Eg ynskjer å skriva så mykje, men eg skal slutta her for i dag.
Kanskje kjem eg snart tilbake, kanskje går det ei lang stund igjen. Uansett ynskjer eg dykk som les ei god tid framover. Hugs at det du viser av omsorg for andre kan vera nett det dei treng for å holda fast i det som er godt. Ta vare på kvarandre.

1 kommentar:

  1. Tennkjer på deg!!!! Du tar heilt sikkert ikkje for stor plass på gruppa, dei andre set nok veldig pris på dei kloke orda dine:-) Eg set i alle fall veldig pris på det du seier og det du skriv. Klem frå Astrid

    SvarSlett