10.08.2019

Om psyken 10 - eit semikolon og eit honnørkort


Livet går i krokete svingar år for år. Kokosbollar har vore taus ei lang stund, medan eg har virra meg fram i tilværet med skolebarn, som politisk aktiv og med skiftande helse.

I vinter delte eg på Facebook at eg var vald til førstekandidat til fylkestinget for Rødt. Det var ei stor ære og ein jobb eg oppriktig ynskje å gjera. Men gjennom våren gjekk psyken til angrep på nytt, og mange ting hende ganske fort.

Tilbakevendande depresjon har eit veldig ugreit trekk der ein kan bli fortare og meir alvorlig sjuk for kvart nedsving, og eg opplever no å gå frå Standard Norsk Humør til suicidal på eitt døgn eller to. Heldigvis har eg ein god fastlege som eg har stor tillit til, og som gjer dei tiltaka som er nødvendige. Men eg fekk klar beskjed om at no tyda alt på at kvardagen min var blitt meir krevande enn psyken kunne takla. Og det visste eg eigentleg - det er berre sånt ein helst ikkje vil vita. Så eg valde å trekka meg frå førstekandidatplassen og som fylkesleiar.

Samtidig var eg i ein prosess med uføresøknad. Etter 20 år i arbeidslivet med berre eitt kort og svært lite vellukka forsøk på å jobba 100% var det tydeleg at eg ikkje har den kapasiteten. Deltidsfella vinka og breva om pensjonssparing hadde dukka opp i postkassa... Men eg hadde utsatt det å søka i lang tid fordi eg eigentleg ikkje orka.

Som psykisk sjuk er det tungt å vera i søknadssystemet. Sjukdommen syns ikkje utenpå. Ein må fortella og forklara, gjerne i mange rundar, dra opp ting som gjer vondt framfor folk ein ikkje kjenner, og så takla ettervirkningane aleine. Men legen min og saksbehandlar hos NAV gjorde ein fantastisk jobb med grunnlagsmateriale og søknad, og i slutten av april fekk eg innvilga 50% uføretrygd på grunnlag av tilbakevendande depresjon.

At eg fekk innvilga søknaden i første runde var eigentleg eit sjokk - eg hadde forventa nokon omgangar med klaging på vedtak osv. slik svært mange med psykisk sjukdom opplever. Den dagen brevet kom kjendest det som at det endelig var sett og anerkjent kor utrulig krevande det er å leva med ein hjerne som jamnleg ynskjer å drepa meg.

No går eg med det blå honnørkortet i lommeboka og prøver å venna meg til å huska på det. Det kom òg i posten, som ei total overrasking, eg hadde rett og slett ikkje tenkt over at eg har honnørrabatt no. Reiste med tog før i sommar og sat og svetta i hendene og tenkte at eg ville måtta forklara konduktøren kvifor eg var honnør... konduktøren løfta ikkje på øyenbrynet, berre kikka på kortet og fortsatte med sitt. Det var det der med at verda er full av forskjellige menneske som dei møter på kvar dag, ein gløymer det inni bobla si!

Sammen med kortet her på bildet ligg buttonen med semikolonet. Det er tegnet til Semicolon project, ein internasjonal ressursorganisasjon for overlevarar av suicidale episodar. Grunngjevinga for symbolet er at eit semikolon bruker ein når det kunne vore sett punktum, men forfattaren valde å fortsetta historien; mottoet er "My story isn't over yet."

Eg går ofte med semikolonet på meg no. Ikkje mange her i landet veit kva det står for, men eg tenker at det kan bety noko for dei som veit det. Og eg kan svara om nokon spør kva det er, og kanskje bidra til meir kunnskap.

Eg held fortsatt på i lokalpolitikken på Haugalandet, etter beste evne, med gode folk å samarbeida med. Om eg orker å fortsetta vil tida visa, ein må ta ein dag, ei veke, ein månad av gongen. På same vis jobber eg mine 50% på biblioteket og håper eg aldri blir for sjuk til å klara det - det er der eg høyrer til.

Sosiale medier er vanskeleg for min type sjukdom. Det medfører mykje stress og er direkte negativt i dårlege periodar. Eg vurderer stadig om eg skal trekka meg heilt ut, men samtidig er det mange eg vil savna kvardagsglimta til. Skulle eg forsvinna frå vennelista di, så er det iallefall på grunn av meg og ikkje deg. Så er det sagt.

Så kvifor skriv eg denne posten? Eg har delt bitar av livet med sjukdom både gjennom Kokosbollar og på Facebook. Eg trur det er viktig at dei som orker skriv om psyken, viser glimt frå dei vanlege uvanlege liva, gjer det mindre hemmeleg og skammeleg og kanskje for nokon litt mindre einsamt.

Difor ville eg gjerne dela også dette. På eit halvårs tid endra premissa for livet seg ein del - personleg og økonomisk - og eg tenker at bak uføretala det skremmest med er det mange som meg.

Jobber litt, gjer sitt beste, engasjerer seg, tek inn for mykje, får seg ein smell. Ser døden i kvitauget. Velger å slåss endå ein gong. Reiser seg sakte opp att. Jobber litt, gjer sitt beste, engasjerer seg...

At samfunnet kan sei "me ser at du prøver og at du strever, du er verd noko og me har eit sikkerhetsnett til deg" er enormt viktig. Når det slås opp som ei byrde med "desse uføre" og det blir skore ned i alle endar av velferda kjenner ein på det motsatte, at ein kanskje ikkje skulle vore her likevel.

Eg skal bera med meg honnørkortet og semikolonet vidare her eg snublar meg fram. "C'est ça la vie" - sånn er livet. Det er mitt og eg har det fortsatt i behold. Når alt kjem til alt er det det som er viktig.