17.08.2011

Om psyken 5 - long time, no cigar

Det har vore mange gonger i det siste over halve året eg har tenkt at eg skulle skriva her igjen. Men det har ikkje blitt sånn, fordi kvardagen har vore meir enn nok å henga med i og kjenslene har vore frynsete og ustabile.

Men det har vore mange store hendingar i prosessen. Behandlaren min forsvann (oppsagt? sammenbrudd? eg fekk aldri vita det, det har eg då heller ikkje rett til) brått på seinvinteren, ein større f...-up i systemet gjorde at eg aldri fekk vita noko om det og gjekk over 1 1/2 mnd og følte meg forlatt og svikta.

Når det omsider vart oppdaga (like etter at eg hadde teke kontakt med pasientombudet) fekk eg ei uforbeholden unnskyldning og ein lovnad om gjennomgang av rutinene. Hadde eg hatt ein litt mindre engasjert ektemann (som tok ørten telefonar for meg, sidan eg ikkje klarer sjølv) og vore litt mindre oppegåande på det gjeldande tidspunktet, så kunne heile situasjonen vippa meg over kanten. Det seier noko om kor sårbart systemet er, og kor enormt viktig det er at alle i behandlingsleddet heile tida har fokus på at dei håndterer pasientar med svært tynn beskyttelseshinne mot verda.

Etter dette var eg naturlig nok svært skeptisk, særlig sidan eg vart innkalt til ein fysioterapeut. Men det viste seg å ikkje vera nokon standard fysio, tvert i mot ei dame med stor erfaring, vidareutdanning og kompetanse. Ikkje minst fekk eg umiddelbar tillit til henne. Då mesteparten av den tidligare behandlinga mi ikkje var blitt journalført (!) måtte me starta litt på nytt, men det opplevdes ikkje belastande på grunn av den gode kommunikasjonen oss imellom.

Like før sommaren vart det så sett ein diagnose. Dette er noko som diskuteres, nytten av psykiatriske diagnosar. Virker dei mot sin hensikt, skaper dei sjukdomen, forsterker dei symptomer, er dei i det heile tatt seriøse? Du får mange og tildels sterkt engasjerte svar, uansett kva "leir" du spør i. Som det må vera, på eit felt så prega av sterke og vonde kjensler.

For min del er diagnosen svært viktig, på ein positiv måte. Eg har ein hang til å kategorisera og sortera, både i den fysiske verda (jfr yrket mitt - bibliotekar) og i mitt eige indre. Og så har eg ein sterk tendens til å tenka at eg berre innbiller meg ting, og er til byrde for andre. For eksempel var eg hellig overbevist om at eg var innbilt gravid på tross av testar og alle symptomer, heilt til eg fekk sjå barnet på ultralyd.

Å få ein diagnose er ein anerkjennelse av at den uendelige smerten inni meg faktisk er der, at den er ein sjukdom, har eit navn, er tung og hemmande nok til å vera verdig behandling. Det er ikkje berre eg som er ei pingle, som ikkje takler livet.

Diagnosen som er sett på meg er Tilbakevendende depressiv lidelse, F 33.2, der .2 indikerer at eg kom inn i systemet og er under behandling pga ein alvorlig episode. Dette tilsvarer uttrykket unipolar, som ikkje er i bruk i det norske diagnosesystemet no - eg fortsetter å bruka unipolar om meg sjølv når eg snakker med andre fordi det er lettare å forklara. I tillegg har eg visse symptomer på angst- og sjølvbildeproblematikk som er meir grunnleggande enn berre i depresjonsperiodane.


Å bli diagnostisert utløyser ein del viktige ting i systemet. For eksempel vart eg henvist vidare til psykiater for ein medisineringssamtale (som eg skulle hatt med nokon for ca 10 år sidan, som han sa) som var svært nyttig. Me har gått noko opp i dosering på antidepressiva, meir om det sidan. Depresjonen er det vanskelig å behandla så lenge eg ikkje er på nedsving, men no er det i det minste nokon som følger med. Eg har også skifta fastlege og funne nokon som kan følga meg opp bedre enn tilfellet har vore til no. DPS kommuniserer med henne slik at alle veit kva som skjer til eikvar tid - med mitt samtykke, sjølvsagt.Kobling

Det mest skremmande, og sikkert noko av det viktigste, er at eg antagelig kjem til å få tilbod om gruppeterapi frå hausten av, for å ta tak i angsten og dei tinga som går på sjølvbildet og menneskeverdet mitt. Når forslaget kom opp fyrste gong var eg svært nær ved å kasta opp - mine erfaringar med grupper er panikkangst og atter panikkangst. Nettopp mennesker i gruppe er jo det eg er redd for i utgangspunktet!

Men samtidig trur eg at det ein er reddast for kanskje er den einaste farbare vegen dersom ein vil utvikla seg. Eg kan stå her, fungera på eit vis med medisinar, bruka mykje tid på å slåss med demonar aleine, og klara meg - trur eg. Eller eg kan gå inn og prøva ein ny måte å slåss på, og kanskje koma vidare. I og med at eg er mor til ei jente eg håper skal sleppa å bera på min bagasje, så har eg egentlig ikkje noko valg. Eg må hoppa i det.

Om ei dryg veke skal eg møta leiaren for gruppeterapien i distriktet, og finna ut om dei har ei gruppe dei trur eg kan ha utbytte av å vera i. Berre tanken er nok til å gjera meg svimmel og kvalm, og i tillegg skal eg møta henne ein stad eg aldri har vore før, med dei angstane det gir meg å koma på nytt territorium. Den som ikkje har opplevd det kan ikkje forestilla seg korleis det er - som å gå i slow motion gjennom eit landskap frå ein skrekkfilm, berre verre. Eller noko sånt. Dersom eg overlever skal eg avgi rapport.

Dette blir langt. Sånn er det å hoppa over nokon månader av livet. Men eg må ha med det med medisinane også. Psykiateren meinte at eg tydelig hadde effekt av antidepressiva (det visste me jo frå før), men at eg har for mange "gjennombrudd", altså nedsving på tross av konstant medisinering. Han ville derfor at dosen skulle aukast littegrann - eg tok ein svært lav dose i utgangspunktet, 50 mg Zoloft, no opp til 75 mg - for å sjå om det kunne holda meg meir stabil.

Frykten ved medisinering er jo blant anna at ein skal bli "flat" i følelseslivet. Det har så langt ikkje skjedd meg (men så har eg eit ganske heftig register å ta av også). Derimot førte det å gå opp i dose til 3 veker nesten uten søvn! Eg var rett og slett berre våken. Sov 2-3 timar pr natt, våkna og var... våken. Som å innta ein espresso kvart 10. minutt.

Min fyrste tanke var "pokker, du er bipolar likevel og no har du bikka deg sjølv over". Men eg var jo ikkje meir sjølvsikker eller meir energisk som sådan, berre våkenvåkenvåken! Kroppen var sliten som søren, verre dess lenger det gjekk uten ordentlig søvn, mens hjernen konstant tenkte så lange, intelligente og komplekse tankar at eg vart skikkelig lei av den.

Men heldigvis, etter 3 veker begynte eg langsomt å sova meir, og no er eg tilbake i mitt vanlige sløve B-menneske-landskap der dagen helst startar etter 10 og slutter ei stund etter midnatt. Forøvrig merker eg ingen forskjell, og det er som det skal vera. Det blir når ting tetter seg til med emosjonelt stress (les terapi) og mørketid me får sjå kva dette egentlig kan gjera for stabiliteten.

Javel, det var ei heil avhandling. For å koma fram til kor me står no, så eg forhåpentlig kan fortsetta å skriva meir regelmessig utover hausten. Takk til alle som har gitt meg tilbakemeldingar, det varmer. Og takk til dei som berre les, det er også lov, og eg er glad de tek dykk tid.

Ta vare på menneska rundt deg, vis kjærleik, dei treng det alle sammen.

3 kommentarer:

  1. Det er godt å høre at du er inne i systemet igjen, og at det endelig skjer noe mer!
    Klem fra LilleTrille

    SvarSlett
  2. Jeg har lest, og synes det er godt og vondt på samme tid. Takk for at du deler! Forhåpentligvis følger jeg snart i dine fotspor med en diagnose og videre behandlingsopplegg. *klemmer*

    SvarSlett
  3. Så godt at du endelig blir tatt på alvor og at ting virkelig skjer! Skremmende hvor fort gjort det er å ramle ut av systemet. Man skal være sterk for å være svak i dette landet...

    Lykke til videre!

    Line Kristine

    SvarSlett