17.01.2011

Om psyken 4 - den lange vegen å gå

Det har gått ei lang stund sidan eg skreiv noko her. Først og framst fordi det har vore for tungt å dela noko særleg, og så fordi ein så lett fell ut av kva ein holdt på med. Hukommelsen blir påvirka av depresjon - korttidsminnet svikter og langtidshukommelsen kan også bli svekka.

I halvfriske periodar som no merker eg at eg bruker mesteparten av energien min på å holda dagane gåande, huska avtaler, huska å sjå i notisboka mi, huska kva eg hadde tenkt å gjera eller seia... Ser eg bakover er det heile år som er tilnærma borte. Via bilder kan eg sjå kva som hende, men minnet er ikkje ekte, det inneheld ikkje anna enn scenen på fotografiet.

Ein av dei avtalene eg stadig jobbar med å huska er at eg no går fast til samtaler på DPS - Distriktspsykiatrisk senter i kommunen. Eg har svært blanda erfaringar med samtaleterapi frå tidlegare rundar, men denne gongen har det skjedd noko så skremmande som at eg har fått ein samtalepartner som faktisk virkar! Som det går an å snakka med, som ikkje bryt inn for mykje, som stiller dei rette spørsmåla på rett tid og tar ein vidare i tankeløpet.

Det burde jo vera ein god ting - og er det også, på sitt vis. Men det gjer det desto meir slitsomt å gå gjennom. For når ein begynner å opna seg, setta ord på ting, gå inn i rom ein ikkje har besøkt på lang lang tid... så gjer det vondt. Det gjev søvnløyse, angst, tunge tankar, heile spelefilmar av minner ein godt kunne klart seg utan.

Samtalen varer i 45 minutt, og så er det 2 veker til neste gong, lykke til, ikkje heng deg i vedskjulet i mellomtida. Eg tar meg stadig i å tenka at det måtte finnast betre måtar, betre oppfølging... men sjølvsagt er det eit spørsmål om ressurser, og sjølvsagt skal ein berre vera sjeleglad for at ein i det heile tatt er komen gjennom nålauget, og ein kjenner seg jo som eit utakknemlig lite nutcase når tankane kjem om at dette ikkje eigentleg er heilt optimalt.

Enno er me berre i dei innleiande rundane. Kartlegging, intervjuskjema, forsøk på å sirkla inn mot ein nystilt diagnose og (håper eg) ein slagplan. Kor vegen skal gå vidare er meg ei stor gåte - hittil har det alltid stoppa der, med ein resept i handa og nokon diagnostiske ord på blokka. Finst det måtar å bryta ut av dette på? Finst det løysingar, eller berre stadig nye sirklar rundt det svarte holet som er inst i meg?

I dag fyller eg 33 år. Dersom eg tenker at puberteten får slåss for seg sjølv, så kan eg iallefall seia at eg har kretsa rundt (og tildels langt nedi) dette svarte holet i 15 av dei. Og samstundes som eg jobber med terapien, så jobber eg med meg sjølv for å finna måtar å halda fast i livet på.

Eg les mykje religiøse skrifter. Det ligg tungt med livsvisdom hjå kristenmystikarar, Thomas á Kempis, Buddhas fortellinger og Tao te Ching. Om ein ikkje kastar seg inn i sjølve religionen med hud og hår (vanskeleg å gjera det med 3-4 ulike på ein gong...) er det ingenting i vegen for å bruka dei som hjelpelinjer på vegen mot livsmestring. Og for den som er allergisk mot ferdigtygde sjølvhjelpsbøker fins det få andre alternativ enn å gå til kjeldene.

På ein eller annan måte er det nødvendig å ta tak i alle kjenslene, sortera dei, akseptera dei, legga dei i skuffer og frigjera seg frå dei ein ikkje treng. Alle desse trinna er like viktige. Det finst nok av dei som stapper ting i skuffene og prøver å gløyma - det er sjelden vellykka. Å forkasta kjensler som ugyldige skaper dårleg samvit og smerte. Å prøva å leva med å føla alt, heile tida, brenner deg ut. Men arbeidet er så tungt, og vil eg nokon gong klara å gjera det av meg sjølv, uten å bli så sliten, vil eg kunna tru på meg sjølv når eg seier at det vonde har mista makta over meg?

Den som lever får sjå. Og framleis er det dét eg vel å gjera.