10.10.2010

Verdensdagen for psykisk helse 10.10.10

Ja, det er det i dag!

Det er lett å gjera ein innsats for psykisk helsevern.

Berre vær der for dei som er rundt deg.
Vær villig til å lytta.
Del av dine eigne gleder og sorger - åpenhet gir trygghet.

Husk at eit menneske har så uendeleg mange sider, også mørke,
og ingen skal settast i bås berre på grunnlag av ei side av seg sjølv.

Snakk med barna og ungdomane om følelser, også dei vonde. Gi dei reiskapar å håndtera dei med.

Lurer du på om nokon slit med tunge ting? Spør. Det er ikkje farlig. Kanskje seier dei nei, men då har du iallefall sett dei.

Kjenner du nokon som slit? Syns du det er vanskelig å snakka med dei om det? Gjer noko anna. Ta med eit heimebakt brød og gå på besøk. Inviter dei med ut på tur i haustveret. Stikk på kino sammen. Luft hunden deira. Send eit lite postkort, eit brev, ein liten ting om du vil. Alle små oppmerksomhetar er livliner til den gode sida av verda.

Verdensdagen er til for å skapa merksemd om psykisk helse.
Det gode arbeidet går for seg kvar einaste dag. Bli ei livline du også, ved å vera eit medmenneske.

06.10.2010

Om psyken 3 - angst

"Ich habe Angst" var ein favorittsetning frå tysktimane. "Oh Gott, ich habe sehr grosse(r?) Angst" med store teatralske fakter. Seinare har det blitt litt mindre festlig.

Angst på tysk er frykt/redsel. Angst på psykisk er mange ting. Tusenvis på tusenvis av mennesker i dette landet har angst, og det arter seg på særs ulike måtar. Allikevel kjennes det som eit ord folk "veit" kva dreier seg om, og derfor eit ord ein helst unngår å bruka om seg sjølv. Seier eg at eg har angst ser folk for seg eit livsudyktig menneske som sitter i ein krok og rugger med ville augo, sannsynligvis uten jobb, einsam og umulig å føra ein samtale med. Ja, eg veit at eg overdriver, men det er noko der...

Eg har fleire angstdyr i dyrehagen min. Det mest spektakulære er panikkangstdyret. Det kjem ikkje så ofte ut av buskaset, men når det kjem har det med seg hyperventilering, rugging, skriking, hylgrining og totalt usammenhengande tale. Ein gong på sjukehuset putta nokon meg velvillig i eit rom for gruppeterapi. Det var ingen suksess. Den samla angsten i rommet var nok til å senda meg inn i alle panikkanfalls mor, og eg kom tilbake til denne verden pustande i ein plastpose med 5-6 ansatte rundt meg, den eine med replikken "Jøss, det har eg aldri sett før, det var jo akkurat som i læreboka!". Jo, takk for det du.

Panikkangst er ein ting det lønner seg å læra dei rundt seg litt om, sidan det er ganske skremmande å sjå på. Husbonden er god på både å tilby plastpose, snakka rolig, holda fast rundt meg og koma med avledningar når han ser ei åpning inn. Heldigvis kjem det berre når eg er veldig dårlig, så me er som oftast forberedt.

Eit anna angstdyr kan me kalla "lammande angst-dyret". Det er eit overraskingsdyr i min verden. Ligg i tretoppane og slepp seg ned på meg som ein jaguar eller flått, alt etter kor spektakulær ein ynskjer å vera. Eg har hatt besøk av det i dag. Våkna med migrene. Sånt skjer. Tok ein migrenetablett, la meg igjen, sette vekkerklokka på ein time seinare. Då bruker ting å vera bedre og eg kan gå på jobb.

Men når klokka ringte satt angstdyret på ryggen min og sendte total paralyserande frykt gjennom meg. "Eg klarer ikkje stå opp. Eg kan ikkje ikkje stå opp. Alle mennesker står opp. Eg må på jobb. Eg klarer ikkje stå opp. Eg klarer ikkje sjå menneskene. Dette er sinnssjukt. Du er gal. Du er livsudyktig. Eg klarer ikkje stå opp. Eg kan ikkje ligga her." Denne indre monologen pågår heilt til eg drar dyna over hodet og sovnar igjen, viss eg er heldig. Våkna igjen kl 13 og følte meg litt flau men fremdeles frynsete i kantane. Sto opp og brukte ein time i pysjen på å bli sånn relativt venner med verden.

Så har me "du harkje snøring-angstdyret". Det lunter rolig ved sida av meg og ser heilt uskyldig ut, heilt til det setter tennene i låret mitt. Dette skjer viss eg skal gjera noko eg ikkje har gjort før, f.eks. gå inn på ein ny kafe, gå i ein svømmehall eg ikkje har besøkt tidligare, ringa til eit ukjent menneske (ofte også viss eg skal ringa til eit halvkjent menneske, egentlig. Eg liker ikkje å ringa.), gå inn på eit offentlig kontor.

Eg kan starta med eit positivt pågangsmot, men vips! så heng angstdyret i beinet mitt og kveser (gjennom ein munnfull av beinet) "Du har ikkje snøring på kva du driv med! Alle ser at du ikkje har peiling! Du kan ikkje kodane her! Du er rar! Dei liker deg ikkje! Dei vil at du skal gå! Dei vil ikkje snakka med deg!" Kaldsvette i hendene, tunga veks til ein middels formloff, hjertet slår i 430 oppe i halsgropa, eg har gløymt alt eg skulle sei eller gjera. Ofte må eg øva i dagevis før ein telefonsamtale som berre skal inneholda ca 3 setningar, for å ha ein sjanse til å gjennomføra. Det fins mange stader eg aldri har besøkt fordi eg ikkje klarer å gå inn døra. Heldigvis har eg gode vener som eg kan gjera ting sammen med - for andre gong eg skal noko er det ikkje skummelt, då kan eg godt gå aleine!

I heilt spesielle tilfeller tar dette dyret med seg panikkangstdyret på tur. Blant anna hadde me ein gong ein biltur til Sætre i Hurum (hei, Sætre) der me gjekk ut av bilen, gjekk 300 meter og så måtte Husbonden bæra meg tilbake i bilen fordi den sinnssjuke kona hans følte intenst at Sætre i Hurum var ein livsfarlig plass der alle kunne sjå at ho ikkje burde vera, og fekk eit skikkelig panikkanfall. Eg får fremdeles høg puls av ordene Sætre i Hurum, 11 år etterpå.

Neste angstdyr er i slekt og heiter "Egentlig liker dei deg ikkje-dyret". Det er veldig lite og reiser gjennom blodstraumen for å setta seg midt i hjartet. Vel framme veks det og pressar på med ein stor fryktsmerte. Det kjem ut av ingenting og forteller meg at Husbonden egentlig er lei av meg, at vennene mine syns eg er slitsom, at eg er farlig for barnet mitt, teit og dum og burde holda kjeft eller aller helst berre slutta å eksistera.

Dette dyret er ein god ven av depresjonen, men kan også koma heilt aleine på besøk og setta meg totalt ut av spel. Når ein går på ei tynn line til dagleg er mistillit til dei nærmaste ein veldig dårlig ting. På heimefronten kan det føra til skriking (angstdyret seier "Angrep er det beste forsvar") til ein totalt uforståande mann, på utefronten til tvangstankar og endelause indre repetisjonar av samtaler for å sjå om eg sa noko idiotisk. Ein uskyldig bemerkning kan vris og vendast på i dagevis fordi det sikkert låg noko meir og verre bak.

Akkurat dette dyret skal eg antagelig i nærkamp med no snart, sidan eg har fått min første time hos psykolog på mange mange år. Alle angstdyrene mine hoppar opp og ned og brøler når dei høyrer om det, men eg veit at det er nødvendig. Og tvangstankar har eg jobba med før med ikkje så verst resultater - berre ikkje heilt varige. Me får sjå.

Iallefall, det var mine angstdyr. Andre har nok både dei same dyrene, og heilt eigne variantar. Som kjem og går og avogtil overtar heile sjappa for sin eigen fest. Så neste gong du høyrer om nokon som har angst, husk at det kan bety veldig mange ting, men ikkje at det mennesket er farlig eller utelukkande nutcase.

Dei som vil sjå dyra mine illustrert kan gå til før nevnte Don Kenn Gallery og få eit fint inntrykk. Han fangar noko som eg kjenner igjen, sikkert ganske ubevisst frå hans side.