23.10.2012

Reunion. Ein tekst om respekt.



I forgår kveld fekk eg ei melding. Ei melding som sa at eg var invitert til ”Reunion Russ’97” i bygda der eg gjekk på gymnaset og budde på hybel i 3 år.

Korleis reagerer folk flest på ei slik melding? (”Folk flest” bur som kjent i Kina og får dei neppe. Men me ser bort frå akkurat det.) Blir dei glade? Overraska? Litt opprømte eller berre nysgjerrige? Dei fleste vil vel iallefall byrja å tenka, bli førd tilbake gjennom tida til eit anna liv, ei anna verd.

Eg skal fortella dykk kva eg gjorde. Eg gjekk ut på badet og brakk meg over do fleire gonger.

Den korte versjonen er at gymnastida for meg var tre år i helvete. Det er den setninga eg vanligvis bruker for meg sjølv, for å bli fort ferdig med saka, lukka den og gå vidare. Eg har aldri vore tilbake i den bygda, berre køyrt gjennom, og det å sjå den gjennom vindauga i bilen er nok til at eg svetter i hendene, spenner kroppen, svelger kvalme. Eg har kontakt med eitt einaste menneske som eg vart kjend med i den tida, og sjølv der gjekk det fleire år kor eg ikkje orka å snakka med henne, fordi det opna for så altfor mykje anna.

Det første eg fekk lyst til var å svara med den utrulig treffande replikken eg ein gong las i ei Nemi-stripe – ”Før graver jeg ut øynene mine med en skje.” Det neste som skjedde var at eg innsåg at eg er 34 år gamal og sannsynlegvis bør vera høflig mot mine medmenneske. Deretter kjende eg at eg på ingen måte hadde lyst til å vera høflig, høvisk, diskret eller noko som helst anna i den sjangeren. Så måtte eg gå og brekka meg igjen.

Eg bestemte meg for å la det ligga nokon dagar. Å ikkje tenka på det var sjølvsagt umulig, men erfaringa mi er at gjennom angst og kvalme og masse forvirra tankar hender det at ein når fram til eitt eller anna fornuftig. Eg lufta saka for gode venner som bidrog med spøkefulle variasjonar over uhøflige svar. Nokon gonger er det ei velsigning å få le av si eiga misère.

No er det gått eit par dagar og eg har skjønt at eg må skriva dette. Ikkje for nokon andre si skuld, men for mi eiga. Fordi eg er blitt eldre, eg har jobba med eigne demonar i årevis, det er på tide å setta nokon nye ord på kva det var som gjorde dei tre åra til helvetesår.

Det var ikkje mobbing, ikkje slik ein les om den. Ikkje noko fysisk, ikkje store sirklar av menneske som står og håner deg systematisk, ikkje trugande lappar eller øydelagte ting. Det var rett og slett ei systematisk usynleggjering, eit utanforskap som berre vaks og vaks.

Eg kom allereie frå utanforskap, på ungdomsskulen. Men der var me fleire som ikkje var ”dei kule” og ”dei sporty” og dei som bestemte kva som var bra. Me var ein gjeng som haldt saman i all vår ulikhet. Likevel, eg var trøytt av å vera på utsida. Eg ville starta på nytt, gi meg sjølv ein sjanse til å bli den eg ville vera og ikkje den småbygda hadde bestemt at eg var.

Så eg flytta. Drog avgarde på hybel og prøvde å stryka tavla rein. Ein ny start, eit nytt kapittel.

Problemet var berre at det var ingen som var interessert i å sjå på tavla mi, ingen som var interessert i kva dette var for eit menneske. Dei såg briller, dei såg gode karakterar, dei såg ei interesse for dikt – og dei hadde bestemt seg. Ikkje kul nok. Ikkje verd vår interesse, ikkje verd vår respekt. Det einaste ho er verd er å oversjå, eventuelt å fnisa av, slenga vitsar etter, himla med augo av. ”Ho som ikkje er herfrå” har ikkje noko liv. Me bryr oss ikkje.

Det fanst eit ”kristeleg” miljø også. Så eg søkte dit. Kristne skal jo vera opne for alle, ynskja deg velkomen, ikkje sant? Vel. Det var i dette miljøet eg møtte den eine venen eg hadde desse tre åra. Du veit kven du er og du veit at sjølv om me hadde våre gnisningar og tenåringstraumer å gå gjennom, så var du med på å halda meg i live dei åra.

Og resten? Dei hadde vel nok med seg sjølv. Dei hadde sin dynamikk, sine dronningbier og draumeprinsar, og ikkje minst hadde dei ein målestokk på kristenhet som eg diverre fall totalt igjennom. Snart kjende eg veldig sterkt at den einaste grunnen til at nokon av dei var interesserte i meg, var at eg framsto som nokon dei kunne jobba med å få skikkeleg kristna. Setninga ”Eg skulle ynskja eg hadde fleire ikkje-kristne venner, så eg kunne omvenda dei” er eit fullstendig reelt sitat frå denne tida. Me som stod på utsida hadde ikkje ein verdi som menneske i oss sjølve, det var ikkje interessant kva som var inni oss, kva tankar og draumar og kvalitetar me hadde. Me var i beste fall objekt for frelse.

Så eg fall ut att av det kristelege miljøet. Og var aleine igjen. Var det nokon som brydde seg? Var det nokon som tenkte i retning av at eg kunne vera einsam, at eg kunne tenkt meg å snakka med nokon om heilt vanlege ting i staden for å prøva å parera sarkasmer? Sjølvsagt var det ikkje det. Det var ein gjeng med tenåringar, innelukka i sitt eige system, horisont fram til sin eigen nasetipp, fullstendig opptekne med å få sine eigne liv til å balansera.

Eg har aldri kjent på ei liknande lette som den dagen eg forlot bygda for siste gong. Med glitrande karakterar og ei sjølvkjensle som var trakka så djupt ned i søla at det ikkje stakk opp eit einaste lite hår av den. Eg fanst ikkje. Eg var ikkje verd å sjå på, ikkje verd å snakka med, ikkje verd å bry seg om. Men no var eg i alle fall fri.

Og sidan?

Sidan gifta eg meg med han eg framleis held saman med, 14 år etter. Den andre halvparten, han eg høyrer saman med, han som aldri gir meg opp, han som driv meg frå vettet med jamne mellomrom, men som eg uansett elsker utan forbehold og har fått barn med.

Sidan kom eg til studiestaden og fann ei forsamling av fantastisk ulike personar i alle aldrar, som hadde det til felles at dei var genuint opne for andre menneske. Eg fann endeleg ein stad å høyra til, ein stad der eg eksisterte, der respekt og interesse frå andre ikkje var noko ein måtte gjera seg fortjent til.

Sidan haldt eg fast i dei gamle venene frå ungdomsskuletida, fekk mange nye, vart vaksen saman med dei.

Sidan braut eg saman etter fleire år med psykisk sjukdom, prøvde å ta mitt eige liv, vart innlagt, kom tilbake til vener og verda og vart teken imot – ikkje som eit mislukka menneske, men som nokon som trengte omsorg og støtte for å koma tilbake til seg sjølv.

Sidan kom eg ut i arbeidslivet og vart (og er!) ein skikkelig dyktig person i mitt felt.

Og sidan har eg jobba og jobba og jobba og jobba for å få den redde jenta inni meg til å tru på at det er sant. Eg er god nok. Eg er ikkje ei som ikkje finst, eg er ikkje ei som ikkje fortener respekt, eg må ikkje vera den vesle ballen av angst som ligg sammenrulla i eit hjørne for resten av mitt liv. Mange dagar klarer eg det, men framleis er det berre ein tynn, tynn papirvegg mellom vaksne-meg og den redde jenta, ein vegg som stadig får hol og må lappast på nytt. Eg trur aldri eg får den veggen heilt tett.

Så, russ’97, dette er mitt svar til dykk. Ikkje ”før graver jeg ut øynene mine med en skje”. Ikkje ”take a long walk off a short pier”. Men slik:

Eg kjem ikkje på nokon ‘reunion’ med dykk. De var aldri interesserte i å kjenna meg den gongen, så eg har inga interesse av å møta dykk no. Mitt liv er ein heilt annan stad.

Eg håper nokon av dykk les heile denne teksten, og at de tek den med dykk ut i vaksenlivet de lever, og lærer dykk at alle menneske, uansett kor ulike dei er dykk, har krav på respekt. Alle menneske har ein verdi. Alle menneske fortener at andre er opne mot dei og gjev dei ein plass i denne verda.

Om de ikkje kunne leva etter det den gongen, så kan de leva etter det no. Og de kan læra det til borna dykkar, slik at det kanskje ein gong kan koma russekull der ingen går ut på badet og brekker seg når invitasjonen til reunion kjem.

Det var alt.