15.10.2011

Om psyken 6: ein ny sving på vegen

Så var det blitt oktober. Tida går og går. Dei 2 mnd sidan sist eg skreiv her har vore typiske psykiatrimånader - venting på avtaler med ulike personar, koma på time og oppdaga at personen ein skal møta ikkje har satt seg inn i journalen din, venta meir, møta nok ein ny person.

På den positive sida var den siste eg møtte eit menneske som hadde lest journalen, var lett å prata med og ikkje minst: hadde konkrete tiltak på gang. Så no er eg i prosessen av å starta på psykodynamisk gruppeterapi, ein gong i veka, med ein tidshorisont på sikkert fleire år. Og sjølv om eg nesten kaster opp av skrekk berre ved tanken, så er det på sett og vis ganske godt å vita at eg skal få prøva ein ny måte å røska demonane opp på. Om ikkje anna skal dei vel få uroa seg litt, dei også. Til pass for dei.

Gruppeterapi er sjølvsagt taushetsbelagt opp og i mente - det skulle jo berre mangla - men eg skal prøva å skriva her om korleis det påvirker meg, uten å involvera nokon av dei andre eller gi særlige detaljar om tid og stad. Så får me sjå korleis det fungerer.

Dei siste vekene har eg ellers vore ganske dårleg. I motsetning til forrige haust har det vore ein gradvis prosess, som eg kjenner det frå tidligare - søvnproblemer som eskalerer til 4-5 timars søvn per natt, plutselige panikkanfall, tankemønster som beveger seg meir og meir mot det negative, gryande paranoia (kva vart sagt no? var det ein undertone? ser dei på meg? dei skulle ønska eg ikkje var her. eg er sikkert til bry. kva meinte ho egentlig med det? etc, etc ad infinitum). Og sjølv om eg ser det klarer eg ikkje stoppa det.

Konsentrasjonen gjekk til hekkan for fleire veker sidan. Plutselig vert eg kjempefrustrert av lyden av TVen, inntrykk frå dataskjermen, tilogmed å lesa avisa er uendelig slitsomt. Filteret blir borte, all input berre spinn rundt i hjernen uten å bli skikkelig behandla. Ein dag på jobben, med ungane og bøkene og spørsmålene og lydane, kjennest som ca 20 timar kontinuerlig stress.

Likevel, å sitta heime aleine med tankane er verre, og mykje farligare. For å kunna fortsetta å vera på jobb valde eg å kutta drastisk ned på inntrykk. Berre sporadisk datatilgang og for det meste strikking på eit stille rom (eg klarer kunststykket å bli både handlingslamma og rastlaus samtidig, så hendene mine må ha noko å gjera) i nokon dagar. I dag kjennest det lettare, som om hjernen har fått reist nokon skott igjen og klarer å senda inntrykk til behandling på ein betre måte. Men når dette er ferdigskrive skal eg skru av maskina og trekka meg unna inntrykk igjen, så eg ikkje går i fella og overdriver.

Etter ein lengre prosess har eg også fått dei gamle sovemedisinane mine tilbake. Eit par netters faktisk søvn frå ein legger seg ned til ein står opp gjer ganske mykje for stemningsleiet, noko alle som har småbarn kan skriva under på...

Eg har brukt eit medikament som står på Den Store Advarselslista Over Ting Ein Ikkje Skriv Ut Til Folk Lenger. Den store tilvenningsfaren gjorde at det vart ein lengre runde med utprøving av saker og ting som ikkje virker før det vart avgjort at søvnmangelen faktisk var farligare for meg enn den eventuelle tilvenninga. Har bl.a. prøvd eit medikament der ein halv tablett overhodet ikkje virka, mens ein heil gjorde at eg sov i 16 timar og var fullstendig umulig å vekka + hadde nesten eit døgn med tåkevandring før eg kom tilbake. Nice.

Det er ikkje lett for fastlegar å forholda seg til sedativer og lignande, og eg forstår godt at dei må gjera grundig arbeid. Men det er godt å vera tilbake til noko som er kjent og som virker, og ikkje gir "bakrus" neste dag. Så held eg meg til svært lav bruk, og når eg blir dårligare er det Husbonden som overtar medikamentansvaret = han får medisinglasset og distribuerer ved behov, og eg veit ikkje kor det er. Rett og slett eit tiltak mot plutselig suicidalitet. Det er mange ting ein skal måtta vera her i livet, og medisingøymar er altså noko ein ektemann plutselig kan bli.

Neste innlegg her på bloggen vil bli ein tekst om nettopp medikamentavhengighet, skriven av ein bekjent som har erfaring, men som ikkje sjølv vil vera åpen om det. Eg har hatt den liggande lenge, men ville på ein måte setta den inn i ein kontekst før eg publiserte. No virkar som eit bra tidspunkt. Må berre sjekka med vedkomande at det fortsatt er greit.

I alle fall. Var på veg nedover, men kanskje var det ikkje så langt ned me skulle denne gongen, så me kan gå opp at allereie? Eg tør ikkje sei noko sikkert. Det blir som når samtalepartneren på DPS seier "Me er sikre på at me kan hjelpa deg" - eg nikker, men eg trur jo overhodet ikkje på det, sånn egentlig. Den som lever får sjå, og lever gjer eg endå. Ikkje verst det.

7 kommentarer:

  1. Jeg er glad for at det er en mulighet til en av de grunnere dalene denne gangen, Kjellaug. Skjønner at du ikke tør tro på det, så jeg kan tro på det for deg jeg.

    SvarSlett
  2. Klemme klemme klemme. Jeg er stolt av at du tør å skrive dette. Det vil hjelpe deg vidre. Å håper virkelig ikke at du skal lengre ned.
    Lykke til og håper å snart lese mere fra deg her.
    Klem fra Silje

    SvarSlett
  3. Lykke til med gruppeterapien og pillane. Håpar hausten, vinteren og livet stort sett blir til å halde ut. Masse klemmar til deg.

    SvarSlett
  4. Gode klemmer herfra! Håper inderlig at du ikke skal måtte lenger ned denne gangen. Tenker mye på deg om dagen!

    SvarSlett
  5. Gode, varme Kjellaug<3

    SvarSlett
  6. Kanskje du kan skrive litt mer om dette med kampen mellom fornuft og følelser? For en som ikke selv lider av depresjoner er dette vanskelig å forstå, og man kan ende opp med å bli irritert på den det gjelder. Noe som er lite formålstjenelig.

    Kjempebra og informativ tekst. Si fra om det er noe vi rundt deg (fysisk eller i cyberverden) kan gjøre.

    SvarSlett
  7. Lykke til med gruppeterapien! Dei andre er heldige som har fått ei klok dame som deg på laget:-) Kryssar fingrane for at du får sova og er veldig glad for at du har Brynjar!

    SvarSlett