29.08.2010

Om psyken 2 - ein tur ned

Så var nedsvinget over oss igjen, og det blir veldig vanskelig å skriva. Men eg vil gjerne prøva å skriva litt likevel. Om korleis det oppleves, i dette hovudet, i akkurat denne versjonen av sjukdomen, når turen går nedover bakke.

Det startar på ein måte så eg ikkje kan merka det, endå eg har vore der så mange gonger før. Søvnen forsvinn. Rastlaus energi eller tunge tankar eller ei fri blanding, kveldane vert uansett lenger og lenger og søvnmengda om nettene mindre og mindre. Nokon gonger går det over av seg sjølv, berre ekstreme B-menneskefakter som kjem og går. Andre gonger, som no, er det starten på noko større.

Det neste som forsvinn er matlysta. Ingenting frister. Ingenting smaker, det er ei fysisk oppleving av at mat er ekkelt. Eg gløymer å eta og drikka fordi eg ikkje har lyst på mat, vert ikkje svolten. Et gjerne om kvelden, helst salte ting (stundom rett og slett kvernsalt...). Brød er skrekkelig og middag er slitsomt. Vaknar kl 03 og har brått lyst på sushi, og når ein fortel det til andre spør dei sjølvsagt om eg er gravid. Øh, nei.

Så kjenner eg at eg har skuldrane opp under øyrene. Nokon har teke tak i strammehjulet inni ryggen og stramma til alle senar og musklar så dei er for korte. Små blaff av panikk kjem og går utan årsak, dersom eg søv vaknar eg av at eg setter meg opp med eit gisp. Eg får flager av energi der eg ryddar heile huset, for så å bli uendeleg sliten og motlaus.

No kjem tankane. Tankane om at ingenting nyttar. At eg er håplaus. At verda er håplaus, at menneske er vonde, at alle ser kor lite kontroll eg har, eg er ei dårleg mor, det er sikkert noko gale med huset, han elskar meg ikkje lenger, dei andre tenker at eg ikkje forstår noko, eg orkar ikkje stå opp, alle andre står opp, alle andre fiksar livet sitt, eg er totalt mislykka.

Tankane fyller nettene. Så fyller dei dagane også. Dei er der som intense kviskrande stemmer i bakgrunnen uansett kva eg gjer. Kroppen vil krølla seg sammen i eit hjørne og bli borte. Eg vert fysisk utmatta av å halda meg oppreist, smila til folk på jobben, handla, ta bussen. Det dukker opp tankar som "eg skulle ynskja eg ikkje fanst" og "dette gjer så vondt at eg ikkje orker det lenger".

Å vera med jenta mi er det einaste som er til å leva med. Men til slutt er eg så sliten at eg ikkje orker lenger, eg fell saman når mannen kjem heim og er heilt utmatta. Det er det endelege nederlaget - eg klarer ikkje eingong vera mamma til det kjæraste eg har. "Det ville vera bedre for dei dersom eg ikkje var til."

Eg pustar smerte, eg tenker smerte, eg er smerte. Tenk deg å pusta noko som er isande kaldt, stikkande, som flytande piggtråd, det kjem innerst frå bringa di, det er heilt konkret og riv deg opp innvendig men det er ingen andre som ser det. Omtrent slik er det no. Kroppen lukkar seg rundt smerten i fosterstilling.
http://www.englishforums.com/fs/353328402500-Fetal-Position-by-bentolman.jpg.at.ashx?w=300
Så må handkleet kastast inn - eg vert sjukemeld, eg kan ikkje arbeida når eg ikkje klarer å stå oppreist. Eg er aleine med tankane, aleine med smerten, fordi ingen når inn. Eg får ekstra medisinar, eg søv, eg går til soneterapeuten, eg søv meir. Gret.

Etter nokon døgn med søvn og medisinar kjem det gjerne ein liten oppsving. Ting er litt ljosare, tyngda i kroppen lettar litt. Eg finn eit strikketøy eller noko anna å pusla med, eg leikar med S ei stund. Men bøker går ikkje, konsentrasjonen er framleis borte. Ser eg TV skal det ingenting til før eg begynner å gråta. Eg klarer ikkje snakka i telefonen fordi snille folk knuser hjartet mitt.

Det vesle oppsvinget slår nesten alltid attende i panikk og ny nedtur. Verre enn den forrige fordi eg nok ei gong hadde lurt meg sjølv til å tru at no går det opp att. Dersom eg ikkje hadde ei indre sperre mot å skada meg sjølv er det no eg ville gjort det - gudane skal vita at eg har prøvd, men nesten aldri kunna. Eg ynskjer meg så sterkt eit utløp for smerten, kva som helst. Lagar ein krangel med den stakkars ektemannen berre for å kunna ropa. Det hjelper ikkje og eg får svart samvit.

Det varierer kor mange dei svartaste dagane er. Det kjennest alltid som dei aldri skal ta slutt.

Så kjem det nokon rare dagar. Ei panisk rastløyse som svingar med total utmatting. Eg strikker som om nokon stod med pistol og jaga meg vidare. Ein halv genser på ein kveld. Når mannen spør kva eg vil ha på skiva byrjar eg å gråta fordi eg ikkje kan ta ei sånn avgjerd. Kroppen er tung men hjernen er i høggir, berre eit totalt ineffektivt høggir. Små ting vert enorme, både gleder - det er sol ute! verden elskar meg! alt vil bli bra! - og sorger - eg finn ikkje sokkane mine, det er typisk, alltid rot, ingenting fungerer, eg er håplaus, alt er håplaust, eg vil dø.

Nett no er eg i desse dagane. Og nett medan eg skriv dette er eg oppe i ei rastløyse med litt fysisk energi - eg lager middag og skriv dette og drikk litt kaffi og tenker på hundre ting eg også skal gjera. Om 5 minutt ligg eg kanskje sammenkrølla i sofaen og vil forsvinna.

I morgon er det kanskje endå meir fysisk energi i rastløysa. Og dagen etter der kanskje endå litt, og om nokon fleire dagar kan det henda at rastløysa vert til ein jamnare flyt og me stig opp mot ein slags normalitet. Ein kan håpa.

Eller kanskje er det endå ein fall-lem eg skal gjennom, endå ein nyanse av svart å gå ned i. Me er på grensa for kva me kan klara åleine, og eg har aldri prøvd å bli innlagd her me bur no. Men vert det nødvendig veit eg at Husbonden og legen min kjem til å hjelpa meg. Eg er ikkje eigentleg redd for det, berre for å vera borte frå S, og sjølv det forstår eg at kan verta nødvendig og rett.

Men nett no, denne augneblinken her, håpar eg på at vegen går oppover. Sjølv om eg ikkje trur på det, er det lov å håpa. Til neste gong.

11 kommentarer:

  1. Takk for at du delte, for at du klarte, for at eg fekk sjå ein liten del av alt det du er! <3

    SvarSlett
  2. Kjære Kjellaug, takk for innblikket. Jeg vet litt om hvordan det er å være langt nede, og du har hjulpet meg i noen av mine mørke øyeblikk; nå skulle jeg ønske jeg kunne hjelpe deg tilbake. Er det noe som kan sies eller gjøres? Uansett skal du vite at det er mange som tenker på deg og ønsker deg alt godt. Fortsett å stole på at de rundt deg ser deg og støtter deg, og la dem hjelpe deg! Og lille S er heldig som har en mamma som faktisk gjør noe med sykdommen sin, som ikke lar det skure og gå så det går ut over henne. Ved å ta vare på deg selv tar du vare på S.

    Mange klemmer herfra.

    SvarSlett
  3. Takk for at du deler! Håper veien videre blir lettere enn fryktet. Ønsker deg gode dager! ♥

    SvarSlett
  4. Tenker på deg og sender masse LYS!

    SvarSlett
  5. Stor, _slem_ klem (du gret av snille folk i telefonen?), og gler meg til at du har det lysare!

    SvarSlett
  6. Takk for at du deler Kjellaug.
    Du skriv så levande, som alltid.
    Eg set stor pris på deg.

    SvarSlett
  7. Takk for at du deler, og håper dagene blir lysere og bedre fremover.. Tenker på deg :)

    SvarSlett
  8. jeg håper så inderlig at du har vært igjennom den siste fallemmen nå, og at oppturene står i kø. Stor klem!

    SvarSlett
  9. Kjellaug.

    Takk for at du skriver dette!
    Takk for at du kan sette ord på de følelsene jeg også har. Det var så nært og kjent, at tårene triller. Du vet jeg setter så enormt stor pris på deg. Du kloke, gode venn!

    Er så glad i deg!

    SvarSlett
  10. Wow... Jeg kan bare si det samme som SnelleLibelle. Her var det mye kjent. Veldig mye. Takk for at du skriver dette, for at du klarer å gjøre det nå. Lykke til i motbakken oppover!

    SvarSlett
  11. Kjære Kjellaug. Jeg synes det er godt gjort av deg å sette ord på dette, og at du deler det ut med oss. Jeg vil gjerne sende varme tanker og håper at du klarer å snu nå. Legge mørket bak deg og ta fatt på veien mot lysere dager igjen. Lykke til!!

    SvarSlett