02.08.2010

Om psyken 1

Eg tenkte innimellom å skriva litt tankar om psykisk helse her. Meir presist blir det jo tankar ut frå min ståstad og mitt perspektiv, så så veldig allment er det vel ikkje. Men litt.

For å gi ein rask bakgrunn så er eg kronisk unipolar depressiv, med litt tvangstankar og sosial angst på kjøpet når eg har dårlige periodar. Unipolar betyr at ein har kraftige stemningssvingingar berre ein vei, i mitt tilfelle nedover i depresjon, men det kan også vera oppover i mani. Svingingane opptrer oftast relativt regelmessig, med nokon lettare og nokon meir alvorlige. Eg har ca 2 alvorlige nedsving i året og fleire mindre alvorlige innimellom der.

Den nydelige grafen illustrerer polaritet vs. "normalitet" (som vel er eit av verdens mest relative begreper) og er overhodet ikkje dekkande for korleis det er å vera bipolar (altså kunna svinga begge veier) sidan det arter seg veldig veldig forskjellig frå person til person. Men eg likar å tegna skjelvande grafar i Paint, så då gjorde eg det.

Nuvel, nok om diagnoser for i dag, eg kjem sikkert tilbake til saken. Det eg egentlig ville sei noko om, som har vore eit emne i dagens løp både i ein samtale med ein god venn og inne på eit nettforum, er dette å snakka med ein person som har ein psykisk sjukdom.

Mange psykisk sjuke finn det vanskelig og sårande at folk aldri spør korleis dei har det eller legg opp til å snakka om helsa deira på anna vis, i motsetning til viss ein er sjukemeldt med ryggplager eller lungebetennelse eller noko anna fysisk. Det er lett å tenka at ein er blitt "ein sånn" som alle snakker om og ingen snakker med. Dette gjer at mange ikkje vågar å fortella andre at dei har psykiske problemer.

Eg har ein teori på kvifor det blir sånn, og den handlar absolutt ikkje om at folk syns at ein er ekkel/dum/mindre verd fordi ein er psykisk sjuk. Eg trur det handlar om at folk er redd for å gjera fatale feil.

Generelt er me mennesker veldig redde for å sei feil ting i feil situasjon, og når det gjeld mental helse trur mange at dei kan gjera ein negativ forskjell for den som er sjuk. "Viss eg seier noko dumt no, så kjem ho til å bli endå meir deprimert pga meg." "Viss eg spør om ho føler seg bedre og ho ikkje gjer det, så kanskje ho skader seg eller noko etterpå." Etcetera.

Problemet er at dei fleste ikkje har så mange begreper om kva det innebêr å vera f.eks. deprimert, så dei aner ikkje kva dei kan/bør sei. Det blir som å delta i eit spel du ikkje kjenner reglane i. Og for den deprimerte er ein stor del av smerten fullstendig ordlaus, så det er vanskelig å forklara til og med for seg sjølv korleis det egentlig er.

Sjølv prøver eg å løysa det med å gje folk konkrete knaggar å henga ting på. For eksempel søvn - søvnproblemer er eit allment og uproblematisk samtaleemne, og deprimerte har som oftast haugar av dei. Så viss eg seier "Eg har ein dårlig periode og søv nesten ikkje om nettene.", så kan den eg snakkar med følga opp neste gong med "Korleis går det med sovinga?". Eit uskuldig spørsmål som kan stillast til kven som helst.

Dersom ein føler for ei meir utfordrande linje kan ein vera veldig ærlig, og f.eks. fortella at "eg er så engstelig i dag at eg nesten ikkje turde å koma hit/snakka med deg" eller "eg har problemer med å koma meg ut blant folk om dagen". Når eg seier slike ting får eg som oftast respons av typen "Det kan ein ikkje merka på deg!", og då har eg fått ei oppmuntring og den eg snakkar med har fått gi meg ei oppmuntring, ergo ein vinn/vinn-situasjon. Det krever litt meir, sidan ein kan risikera at samtalepartnaren blir ukomfortabel. Men det skjer forbausande sjelden, etter mi erfaring!

For å venda tilbake til den negative forskjellen, så er det nesten ikkje mulig å gjera livet verre for ein deprimert person. Å ikkje sei noko er antagelig det som kjem nærast... Alle slags utsagn viser at personen som spør prøver å bry seg, og sjølv om den sjuke ikkje alltid orker å gi så mykje tilbakemelding, så betyr det noko. Dersom ein ikkje har noko fornuftig å sei, gi ein klem. Gi eit håndtrykk. Sei "eg har tenkt på deg". Send eit kort og tegn ein blomst bakpå. Små tegn uten ord når også inn.
Eg fekk mange ulike helsingar i den tida eg låg på psykiatrisk sjukehus. Brev, papirsjiraffar, besøk og telefonar. Eg kan sei med handa på hjartet at eg hugsar kvar einaste helsing, og at alle sammen var små livliner å holda fast i. På mange måtar var dei like viktige som medisinar og behandling, fordi dei gav meg bekreftelse på at eg fortsatt hadde ein plass i verden.

Send ut ei livline når du kan. Ta imot alle små ord og tegn som dei livlinene dei er. Me treng alle nokon som bryr seg, og me treng å bry oss om andre.

Det var dagens tale.

1 kommentar:

  1. Takk for den posten! En viktig påminnelse, og VELDIG greit å ha i bakhånd!
    <3 E.

    SvarSlett