22.08.2014

Om psyken 9 - tid er relativt



Å holda ein blogg i gang er ikkje akkurat mitt store talent. Vips, så går det eit år og to. Tidsperspektivet mitt lider under depresjonspasientens ”sorte hull” også – dei periodane eg er dårlig lagres ikkje i minnet, så eg hopper over nokon mnd her og der. Ting som virker som dei nettopp skjedde viser seg å ligga eit halvt år tilbake i tid, med ein stor Ingenting imellom.

Men då er det vel sånn ein unipolar blogg skal sjå ut? Autentisk er jo eit fint ord.

Eg avslutta gruppeterapi i januar 2013. Det kjentes som eg hadde henta ut det eg kunne derfrå, og at eg fokuserte meir på dei andre enn meg sjølv – og det var jo ikkje hensikten (det er det dei har terapeutar til, har eg høyrt, så dei treng ikkje ekstrahjelp). Gruppeterapien var ein utrulig tøff prosess å gå gjennom, men absolutt både nødvendig og nyttig. Eg fekk jobba mykje med sidediagnosane mine, angsten og dei negative tankemønstra, og det kjennest som eg har fått verktøy som hjelper meg til å vera meir konstruktiv i kvardagen.

Ting eg har oppnådd etter gruppeterapien: gå i ukjent svømmehall med seksåringen, berre oss to. Henta i barnehagen uten å spy først (eg aner ikkje kvifor akkurat det var ein angsttrigger, men sånn var det). Er blitt bedre på å besøka ukjente kaféar og denslags, og veldig mykje bedre på offentlig transport. I gode periodar klarer eg å innsjå at tilfeldige folk i bybildet ikkje tenker på meg i det heile tatt, men har nok med seg sjølv. I dei dårlige må det meir innsats til, men det er blitt bedre der også.

Noko gruppa hadde veldig liten effekt på var dei depressive periodane. Dei kjem og går fremdeles som dei vil. Ein del forverring av PMS-faktoren har gjort at eg no går på ein litt høgare dose antidepressiva – eg gjekk frå vanlig til suicidal på under 24 timar i ein bestemt del av syklus, noko som er ganske skremmande både for meg og familien. Med litt meir medisinar held eg meg stort sett unna det suicidale, og er såpass at eg kan snakka om og jobba med det svarte som legg seg over meg. Etter nokon dagar går det over igjen.

Det har også blitt nokon meir intense og langvarige depressive episodar, med sjukemelding og det heile. Heldigvis ser dei ikkje ut til å koma oftare enn før, men ikkje særlig sjeldnare heller. Det er ikkje uvanleg at tilbakevendande depresjon auker i hyppighet med åra, sidan hjernen blir kondisjonert til å gå i svartmodus. Så lenge eg kan halda det på omtrent samme nivå ved hjelp av komboen medisinar og åpenhet/samtaler med familie og venner er eg glad for det.

Ting eg har lyst til å skriva om framover:
- korleis organiseringa av kvardagen/valg av aktivitetar påvirker psyken
- forskningsprosjektet som seksåringen og eg var så heldige å få delta i, som går på effekter av SSRI-type antidepressiva på barn av medisinerte

Men neste post skal vera om skolestart. For der fekk eg meg ein overraskelse frå psyken, og den var ikkje av det hyggelige slaget. Heldigvis har ho som faktisk begynte på skolen hatt ein super opplevelse. Meir om det forhåpentlig ganske snart, og til dess takk til alle som fortsatt les og som gir tilbakemeldingar sjølv om innlegga er eldgamle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar