26.09.2010

When life brings you lemons...

...make lemonade.

Det er eit særdeles overbrukt engelsk uttrykk, den typen ein fnyser av og kallar for new-age-visvas. Sånne råd ein ikkje vil ha, men som danner basis for ein million sjølvhjelpsbøker.

Så kva skal ein ekte vestlandskynikar med denslags? Vel, det heng sammen med nokon tankar som eg har tumla med dei siste dagane, på vegen opp av depresjonshullet mitt.

Me kan jo lista opp nokon slektningar med det samme? "Det er ikkje korleis ein har det, men korleis ein tar det." "Det finst ikkje dårlig vær, berre dårlige klær." "Smil til verden og verden smiler tilbake." Alt sammen utsegner som kan gje meg lyst til å knusa ei blomepotte i hovudet på den som seier det.

Aggresjonen kjem sjølvsagt frå det eg opplever som undertonen, nemlig: "Det er di eiga feil at du har det skit! Dersom du hadde ein bedre holdning så ville alt ordna seg for deg og du ville dansa gjennom livet i ei evig blomeeng." Noko liknande den gongen me hadde besøk av Levende Ord i religionstimen på vidaregåande og fekk vita at dei som var fattige rett og slett ikkje var glade nok i Gud. (Ein time som forøvrig for min del endte med dommen "Du. Havner. I. Hælvettte!!!!!!" Takk for den.)


Joanna Rubin Dranger har kledd av ein haug sånne klisjear i sine "Fröken Märkvärdig och karriären" og "Fröken Livrädd och kärleken". Begge bøkene er obligatorisk lesnad for... ja, for alle, egentlig. Men samtidig som ho riv dei ned, viser ho korleis dei framleis kan ha sin misjon ...dersom ein tar fatt i dei på rette måten.

For det eg tenker på, medan eg langsomt går oppover bakken til Det Vanlege Livet att, er kor stor forskjell det gjer for meg sjølv, i augneblinken, dersom eg kan la dei sure sitronane segla sin eigen sjø. Ikkje stå der og masa med dei og laga lemonade, men sei: "Neimen sjå, det ligg ein haug sitronar i oppkøyrsla vår. Jaja. Me puttar dei i komposten, det tar 5 minutt, og så gjer me noko anna."

Denne strålande analogien krev antagelig ei lita utdjuping? OK.
Når vonde/uventa/ugreie ting skjer så er iallefall eg veldig flink til å gje dei masse merksemd. Tenka på kor dumt det var at det hende, korleis det kunne ha vore, kva eg kunne gjort for at det ikkje skulle henda, kva eg kan gjera for at det aldri meir skal henda, etc etc etc ad infinitum.

Dette kan sjølvsagt vera ein god ting dersom det dreier seg om sikkerhetsprosedyrer på ei oljeplattform eller andre viktige saker, men viss det er at ein blir forkjøla dagen før eit viktig møte, så er det fint lite hjelp i all denne tankeverksemda. Forkjøla er du og forkjøla blir du.

All tenkinga er eit lite grasiøst forsøk på å laga lemonade, gjera ting betre, koma på offensiven, men det einaste ein oppnår er å tråkka rundt i sitronsafta til ein får brannsår på føtene. (eg går ut frå at alle er veldig lei av desse sitronbileta no, men det er altfor moro til at eg har tenkt å gi meg) Det som verkeleg får deg på offensiven er å gjera seg ferdig med tankane om det ugreie så radig som mulig - finn rett skuff i hodet, arkiver under "Been there done that" og lukk skuffen igjen. Gå så vidare med det du egentlig vil gjera i livet, og la sitronbøndene ta seg av resten.

Eit eksempel frå dagleglivet: Me skulle eigentleg køyra til Bømlo i dag og gå på tur. 25 minutt ut i bilturen spyr barnet over heile baksetet, og einaste alternativ er å køyra heim att og vaska ned bil, barn og diverser. Dette kunne eg ganske sikkert brukt mange timar på å irritera meg over, tenka ut årsaker til, konkludera med at planane vart øydelagde og dagen gjekk skitt, etceteRA. I staden var eg så heldig å velga å vaska ned bilen, sei "det var det", og gå med mann, barn og nistemat til båthavna nedi hogget her - der me hadde ein aldeles utmerka søndag formiddag.

Det er sikkert mange no som tenker "eg ville aldri funne på å irritera meg over noko sånt". Gratulerer! Prøv då å finna eit anna kvardagseksempel - dei fleste har noko som dei bruker litt for mykje tid på i forhold til kor viktig det eigentleg er. Fins det ein skuff du kunne putta det i i staden?



Merk forøvrig ordet kvardagseksempel. Metoden fungerer dårlig på ulukker, død, alvorleg sjukdom og kjærleikssorg. Nokon gonger er det aldeles lov å bli lei seg, og då kan du kasta den blomepotta på dei som seier noko anna. Du har fått lov av meg.

Det er dei tusen småirritasjonane den er til for - forkjøling, sokkane på badegolvet, reprisane av Fleksnes, bussen du ikkje rakk, regnet som kjem nett når du hengte ut kle, katten som dreit på stoveteppet, den eldre slektningen som seier "Sånn ville me aldri latt ungane holda på i mi tid" og så bortetter. Trekk på skuldrane, la det fara, arkiver, komposter, finn på noko anna. Ikkje fordi det gjer deg til eit betre menneske eller løfter karmaen din til eit høgare nivå, men fordi det reint faktisk kjennes betre akkurat der og då. Instant gratification.

Til slutt: Det er sikkert nokon som sit og freser "Dette er jo heilt idiotisk, maken til oppgulp, hersens mennesker som skal sitta og skriva på internett om alskens uinteressante ting" og lignande.

Vel, ser ut som livet gav deg nokon sitronar der. Lykke til med limonaden.