27.04.2012

Om psyken 8 - liv, død, april

Det er snart mai, og eg legger bak meg nok ein april månad - den tøffaste månaden i året for meg. Tidlig i april for 12 år sidan fall mine siste forsvar saman og eg sat i ein krok på kjøkkenet med ein brødkniv mot håndleddet og ropte til mannen min "Du må ta meg med til nokon som kan hjelpa meg! Du må sei at dei skal hjelpa meg!" om og om igjen mens eg skada meg sjølv. Smerten og angsten hadde bygd seg opp over år, og fylte til slutt heile meg så det ikkje var plass til noko anna.

Eg drog til høgskulen, studerte, hadde eit slags liv, men å laga ein normal fasade tok alle kreftene mine og etterlot eit stort svart hol inni meg. Heime var det gråt, panikk, raserianfall og meire gråt. Søvnløyse, hallusinasjonar, og ein endelaus dårlig samvittighet fordi eg i det heile tatt eksisterte. Kvifor skal eit så øydelagt menneske få leva? Kvifor skal det få såra den som er nærast, kvifor skal det få lov til å gå rundt og lata som det er eit ekte menneske når det berre er søppel? Desse tankane gjekk rundt og rundt i hovudet mitt til det ikkje lenger var mulig å pusta eller tenka. Eg ville ikkje eksistera meir.

Men framleis, der eg sat med kniven, var det jo noko som ville leva. Det var noko som ropte på hjelp i staden for å stikka seg vekk og gjera slutt på alt aleine. Det var noko som gjorde ein slett jobb av heile sjølvmordet, så slett at eg ikkje eingong har arr i dag. Eg ville verkeleg dø, men noko i meg var sterkare. Og mannen min drog meg opp frå golvet, køyrde meg på legevakten og sette i gang den lange vegen tilbake frå nullpunktet.

April er ein rar månad for meg. Eg kjenner på dei svarte hola i sjela mi, som slett ikkje er heilt borte endå. Eg kjenner på angst og avmakt, som kjem i blaff og setter seg i kroppen som kramper og spente musklar, sender meg rare draumar avløyst av søvnlause netter.

Men eg kjenner også på underet ved ein ny start. Mot slutten av april 2000, på akutten på Blakstad psykiatriske, begynte eg å løfta hovudet igjen. Frå å berre sova, gråta og sitta i ruggande panikkanfall begynte eg, så smått, å sjå verda rundt meg på nytt. Eg hugser at eg sat i spiserommet og såg ut, og oppdaga at det var kome grøne blad på trea utanfor. Det siste eg kunne huska var grå bakkar og nakne greiner. Eg fekk gå ut, med følge, og det lysegrøne overalt tok pusten frå meg. Verda var i gang med våren, livet slo ut som det alltid gjer, heilt uavhengig av meg og min smerte.

No ser eg ut mitt eige kjøkkenvindauga. Syrinen i naboens hage lener over til vår inngangsdør. Den har sprunge ut med friske lysegrøne blad i løpet av veka, og å sjå på dei opnar opp til den overveldande kjensla frå Blakstad. Håp. Ei innsikt om at alt ikkje kretsa rundt meg. At eg ikkje bar verda på mine skuldrar. At ansvaret ikkje var mitt aleine. At eg kunne sleppa alt, krasja, gå ned for telling, og koma opp att til ein vår som ordna seg sjølv.

Det var så mange menneske som hjalp meg den gongen. Som sendte meg oppmuntringar, som fortalde meg at eg kunne koma tilbake til studiet når eg var klar, til jobben når eg ville, at ting venta på meg, det kunne tas i mitt tempo. Vener som kom på besøk, etter kvart tok meg med ut, holdt meg fast i verda. Mannen min som kom kvar einaste dag etter jobb, aldri gav opp, aldri gjekk sin veg. Inni meg er dei alle blitt knytt saman med dei lysegrøne blada. Kvar einaste ein av dykk eit tre som opner seg for våren og viser at ingenting er forbi. Kvar einaste vår har med seg minnet om alt de gjorde og var for meg, og vissa om at de framleis er der.

"Jeg velger meg april! I den det gamle faller; i den det ny får feste; det volder litt rabalder, - dog fred er ei det beste, men at man noget vil." Skreiv salig Bjørnson. Og ante ikkje at han skreiv om min april.
Viljen som kom fram gjennom så stor smerte var viljen til liv. Minnet om smerten er også ei påminning om at sjølv i det svartaste kunne eg ikkje sleppa denne verda.

Eg går framleis i gruppeterapien, kvar veke, møter kjent smerte og nye tankar. Nokon gonger kan eg sei fornuftige ting, andre gonger tek det pusten frå meg og eg må bøya meg ned og jobba hardt for at ikkje angsten skal ta over. Det er greit, det er lov, alle i rommet kjenner angsten. I møtet med andres smerte kan eg kjenna min eigen gripa hardt i brystet, nokon veker er det vanskelig å sova i mange dagar etterpå.

Men ute er det april. Syrinen er lysegrøn. Ertene eg har planta saman med dotter mi spirer. Ei god venninne gifter seg, og me får koma og feira saman med dei, møta fleire gode vener som har vore med på heile reisa mi og aldri slepp taket. Gong etter gong stadfestar livet kor sterkt det er, og kor sterkt eg høyrer til i det. Og eg takker for at eg valgte meg april.